Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorisk analyse av journalistiske tekstar

Journalistiske tekstar kan vere både beskrivande og argumenterande. I denne oppgåva skal du gjere ein retorisk analyse av to journalistiske tekstar som handlar om flyktningkrisa i Europa i 2015. Du skal også reflektere over forskjellane mellom dei.
Ein drukna treåring er skylt på land på ei sandstrand. Han har ansiktet ned i sanda. Ein mann i uniform og refleksvest står ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Test omgrepsforståinga

Retorisk journalistikk handlar om å overtyde lesarane ved hjelp av etos, logos og patos. Før du startar analysen, bør du sjekke at du kjenner omgrepa.

Oppgåve 2: Retorisk analyse av ein mediekommentar

I denne oppgåva skal du vise at du er i stand til å identifisere retoriske grep i journalistiske tekstar. Ein mediekommentar er ein subjektiv sjanger som i sterkare grad enn ein nyheitsartikkel har som formål å overtyde lesarane. Journalisten kan derfor tillate seg å ta i bruk både etos, patos og logos.

Teksten du skal analysere, er Sven Egil Omdals mediekommentar "Guten, døden og etikken". Mediekommentaren vart skriven i 2015 som ein reaksjon på presseoppslag med bilete av den tre år gamle syriske flyktningen Aylan Kurdi som vart funnen drukna på ei strand i Tyrkia.

Relatert innhald

Grensa mellom sosialpornografi og det som er verdig og rett, kan vere vanskeleg å trekkje. Mange trekte henne langs vasskanten i Tyrkia, ved det daude barnet.

Kopier teksten inn i eit tekstbehandlingsprogram og identifiser bruk av retorikk ved hjelp av ulike fargar.

Studer teksten etter at du har markert ord og formuleringar. Kva farge dominerer? Korleis vil du forklare det?

Oppgåve 3: Vurder språklege verkemiddel

  • Kva for språklege verkemiddel bruker Omdal for å vekkje tilliten til lesarane?
  • Kva for språklege verkemiddel bruker Omdal for å vekkje kjenslene til lesarane?
  • Kva for språklege verkemiddel bruker Omdal for å overtyde lesaren ut frå fornuft?

Oppgåve 4: Retorisk analyse av ein nyheitsartikkel

I denne oppgåva skal du gjennomføre ein retorisk analyse av ein nyheitsartikkel som handlar om den same saka.

ABC Nyheter: Syrere siktet for uaktsomt drap på Aylan og elleve andre

  1. Er dette ein beskrivande eller ein argumenterande tekst?
  2. Forsøk å finne døme på bruk av etos, patos og logos i teksten.

Oppgåve 5: Reflekter saman med ein medelev

  1. Samanlikn det du har kome fram til med ein medelev. Har de markert tekstane på den same måten? Diskuter dei markeringane de er ueinige om, og kva de fann ut om forskjellen på retorikk i nyheitsartiklar og kommentarar.
  2. Skriv ned tre formuleringar som gjorde inntrykk på dykk i tekstane de nettopp har analysert. Forklar for kvarandre kvifor nettopp dette gjorde inntrykk på dykk.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021

Læringsressursar

Retorisk mediekommunikasjon