Øvelse
Analyser ein reklameannonse
Studer og analysér denne annonsen frå Lerum. Bruk omgrep frå retorikken.
Den retoriske situasjonen: Kven seier kva til kven, kvar, når, korleis og kvifor?
- Kva for ein sjanger er dette?
- Kvar finn vi til vanleg denne typen tekst?
- Kva er formålet med teksten?
- Kva er produktet som skal seljast?
- Kva for ein egenskap ved produktet er det annonsen fokuserer på? (Kjøp Lerum eplejus fordi ...)
- Kva er målgruppa for annonsen?
- Finn informasjon om sendar på Internett (lerum.no). Kva produserer bedrifta? Kvar held ho til?
Beskriv dei enkelte delane annonsen er sett saman av.
Hovudbiletet
- Kva er blikkfanget?
- Kva er plassert i framgrunnen?
- Beskriv bakgrunnen. Kva viser han?
Tittel (overskrift)
- Kva kan seiast å vere overskrifta i annonsen?
- Kva slags informasjon gir ho?
- Kva slags tone skaper ord og skrifttypar i overskrifta?
Brødtekst
- Kvar er han plassert?
- Kva for ei målform er brukt?
- Kva slags faktainformasjon gir brødteksten?
- Kva slags lovnader gir han? (Ta også med teksten nedst på juspakninga.)
Logo og slagord
- Kor mange gonger er Lerum-logoen teken med i annonsen?
- Kva er slagordet til Lerum?
- Kva slags inntrykk av sendar gir slagordet?
Fargebruk
- Kva for ein farge er den mest iaugefallande i annonsen?
- Kva for informasjon er det som blir framheva ved hjelp av denne fargen?
- Kva fargar er det mest av i annonsen? Er fargane svale eller varme, duse eller friske?
Undersøk korleis bilete, tekst og grafiske verkemiddel er brukte for få sendar til å framstå som truverdig, for å gi saksinformasjon og for å appellere til kjenslene hos lesaren.
Etos: truverdet til sendar
- Korleis prøver sendar å framstå i annonsen?
- Korleis er tekst, bilete og grafiske verkemiddel med på å skape dette inntrykket av sendar?
Logos: direkte argumentasjon
- Kor mange etterprøvbare fakta finn vi i annonsen?
- Kva er påstandar som vi ikkje kan etterprøve?
- Kva kan få oss til å godta påstandane likevel?
Patos: appell til kjenslene
- Kvifor er produktet plassert saman med friske eple?
- Kva skal landskapet som blir vist i bakgrunnen, fortelje om vara?
- Kvifor blir motivet vi ser på hovudbiletet gjenteke også på juskartongen?
- Korleis bidreg fargevalet i annonsen til å understreke bestemte eigenskapar ved produktet?
- Kva for språklege verkemiddel bruker sendar for å skape eit positivt inntrykk av produktet?
Oppsummering
- Kva slags argumentasjon finn du minst av?
- Kva for argumentasjon dominerer?
- Er argumentasjonen i annonsen gjennomarbeidd slik at både tekst, bilete og grafiske verkemiddel formidlar ein eintydig og verknadsfull reklamebodskap? Med andre ord: Er annonsen vellykka, retorisk sett?
Relatert innhald
Fagstoff
Reklameanalyse: Ein modelltekst med tipsLes modellteksten av ein analyse av samansett reklametekst, og gjer oppgåvene som høyrer til.