Hopp til innhald

Fagstoff

Om retorikk

Menneske samhandlar ved hjelp av kommunikasjon og retorikk. Det er mange myter om retorikk. Éin myte er at det finst kommunikasjon som er ikkje-retorisk. Ein annan myte er at kroppsspråket har svært mykje å seie.

Skap den verda du vil ha

Menneske har moglegheit for, og bør handle med, kommunikasjon. Det er slik vi omgåast. Vi snakkar med kvarandre, og vi skriv til kvarandre. Vi kommuniserer, både heime, på skulen, på jobb, på tvers av generasjonar, i media, privat og offentleg. Vil du vinne fram i verda, eller viss du vil skape ei betre verd, må du lære om retorikk.

Viss du vil påverke verda, viss du vil at verda skal vere slik du ønskjer, er du nøydd til å kommunisere. Derfor må du lære om korleis vi kommuniserer, og om korleis vi kommuniserer effektivt.

Ta oppvasken!

Viss eg vil ha deg til å gjere noko, til dømes å ta oppvasken, må eg tenkje over korleis eg får deg til å gjere det.

Trur du eg får det til viss eg seier: "Kvifor tar du aldri oppvasken? Kan du ikkje for ein gongs skuld ta oppvasken!"

Tenk over

Korleis ville du formulert deg om du ville at nokon andre skulle ta oppvasken?

Myter om retorikk

Éin myte er at det finst kommunikasjon som er ikkje-retorisk. Det som er riktig, er at bak ein kvar kommunikasjon ligg det vilje til noko. Nokon trur at retorikk er overflatisk, og at retorikk handlar om manipulasjon, men det stemmer ikkje nødvendigvis.

Eg kan skulde på deg og seie: "Nei, no brukar du berre retorikk!" Det at eg skuldar deg på denne måten, er jo også retorikk. Ein kvar form for kommunikasjon er ein form for retorikk.

Ein annan myte er at kroppsspråket har ei enorm betyding. Nokon meiner at viss du berre er litt "jazzy" i kroppsspråket, er det veldig overtydande, og at argumenta dine dermed vil vere mindre viktige. Det er feil. Ein kan stå bom stille og snakke og framleis vere veldig overtydande.

Intervjuet er gjort etter avtale med Mediepedagogene.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2019

Læringsressursar

Retorisk mediekommunikasjon