Hopp til innhald
Oppgåve

Medium, folkehelse og livsmeistring – repetisjon og test

Folkehelse og livsmeistring er eit av dei tverrfaglege temaa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Test kunnskapsnivået ditt, åleine eller saman med ein medelev, og repeter viktige underemne i emnet Medium, folkehelse og livsmeistring.

Kva omfattar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring?

Folkehelse og livsmeistring er eit av dei tverrfaglege temaa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Læreplanen seier følgande om dette temaet:

I medie- og informasjonskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om korleis medium fyller ulike behov i livet til ulike menneske. Faget skal fremje generell folkehelse gjennom å tydeleggjere kva slags påverknad media kan ha på menneske. Faget skal òg fremje respekt for ulikskapar mellom menneske og styrkje evna til kritisk tenking i møte med medietekstar om helse og ulike måtar å leve på. (Utdanningsdirektoratet, 2021)

Sjekk om du kjenner omgrepa og teoriane

Samarbeid to og to. Forklar omgrep og teoriar i det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i medie- og informasjonskunnskap for kvarandre. Ikkje snu kortet før begge har prøvd å finne rett forklaring.

Test kva du kan om medium, folkehelse og livsmeistring

Denne testen kan du gjerne ta på eiga hand. Det gir ein peikepinn på kva du har fått med deg, og kva du må jobbe meir med.

Repeter viktige underemne i emnet Medium, folkehelse og livsmeistring

Kanskje avslørte testane ovanfor at du framleis ikkje har full oversikt over viktige kompetansekrav i læreplanen? Då kan du få hjelp her.

Den interaktive ressursen nedanfor inneheld ei oversikt over sentrale emne og fagartiklar i det tverrfaglege emnet Medium, folkehelse og livsmeistring i faget medie- og informasjonskunnskap 1. I kvart av dei fire emna finn du sentrale fagartiklar, undervisningsvideoar og podkastar. Studer innhaldet i emna, og noter ned dei viktigaste læringspunkta i stikkordsorm.

NB: Jobb samanhengande eller bruk eit eige dokument.

For kvart emne er det mogleg å skrive i eit notatfelt og eksportere notata frå den interaktive ressursen til eit tekstbehandlingsprogram. Men funksjonen er ustabil og føreset at du jobbar samanhengande. Vi tilrår at du noterer i eit Word-dokument eller anna tekstbehandlingsprogram lokalt på pc-en din.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Tverrfaglege tema. Læreplan i medie- og informasjonskunnskap (MIN01-03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/min01-03/om-faget/tverrfaglige-temaer