Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Medium, demokrati og medborgarskap – repetisjon og test

Demokrati og medborgarskap er eit av dei tverrfaglege temaa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Test kunnskapsnivået ditt, åleine eller saman med ein medelev, og repeter viktige underemne i emnet Medium, demokrati og medborgarskap.

Kva omfattar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap?

Demokrati og medborgarskap er eit av de tverrfaglege temaa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Læreplanen seier følgande om dette temaet:

I medie- og informasjonskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om den rolla media speler i demokratiseringa og i eit fungerande demokrati. Det handlar òg om korleis den enkelte kan kommunisere i det offentlege rommet, og korleis misbruk av ytringsfridommen kan medverke til auka polarisering og fleire konfliktar og vere eit hinder for deltaking og integrasjon i samfunnet. (Utdanningsdirektoratet, 2021)

Sjekk om du kjenner omgrepa og teoriane

Samarbeid to og to. Forklar omgrep og teoriar i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i medie- og informasjonskunnskap for kvarandre. Ikkje snu kortet før begge har forsøkt å finne rett forklaring.

Test kva du kan om medium, demokrati og medborgarskap

Denne testen kan du gjerne ta på eiga hand. Det gir ein pekepinn på kva du har fått med deg, og kva du må jobbe meir med.

Repeter viktige underemne i emnet Medium, demokrati og medborgarskap

Kanskje avslørte testane ovanfor at du framleis ikkje har full oversikt over viktige kompetansekrav i læreplanen? Då kan du få hjelp her.

Den interaktive ressursen nedanfor inneheld ei oversikt over sentrale emne og fagartiklar i det tverrfaglege emnet Medium, demokrati og medborgarskap i faget medie- og informasjonskunnskap 1. I kvart av dei fire emna finn du sentrale fagartiklar, undervisningsvideoar og podkastar. Studer innhaldet i emna, og noter ned dei viktigaste læringspunkta i stikkordsform.

NB: Jobb samanhengande eller bruk eit eige dokument.

For kvart emne er det mogleg å skrive i eit notatfelt og eksportere notata frå den interaktive ressursen til eit tekstbehandlingsprogram. Men funksjonen er ustabil og føreset at du jobbar samanhengande. Vi tilrår at du noterer i eit Word-dokument eller anna tekstbehandlingsprogram lokalt på pc-en din.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Tverrfaglege tema. Læreplan i medie- og informasjonskunnskap (MIN01-03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/min01-03/om-faget/tverrfaglige-temaer

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2024

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1