Innovasjon og medieutvikling – repetisjon og test
Innovasjon og medieutvikling er eit av kjerneelementa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Læreplanen seier følgande om dette kjerneelementet:
Kjerneelementet innovasjon og medieutvikling handlar om å utvikle innsikt i samanhengar mellom teknologisk nyskaping og medieutvikling. Det inneber å tileigne seg kunnskapar om hovudlinjer i medieutviklinga og om korleis teknologisk nyskaping og andre forhold har påverka utviklinga. Kjerneelementet handlar vidare om å arbeide kreativt med eigne medieproduksjonar og å reflektere over kva følgjer den kontinuerlege teknologiske utviklinga har for samfunnet i dag og i framtida. Det handlar óg om å reflektere over korleis innovasjon og kreativitet kan brukast i eigne medieuttrykk og i det framtidige arbeidslivet. (Utdanningsdirektoratet, 2021)
Samarbeid to og to om å forklare omgrep og teoriar i kjerneelementet medieutvikling og innovasjon for kvarandre. Ikkje snu kortet før begge har forsøkt å finne rett forklaring.
Denne testen kan du gjerne ta på eiga hand. Det gir ein peikepinn på kva du har fått med deg, og kva du må jobbe meir med.
Kanskje avslørte testane ovanfor at du framleis ikkje har full oversikt over viktige kompetansekrav i kjerneelementet innovasjon og medieutvikling? Då kan du få hjelp her.
Den interaktive ressursen nedanfor inneheld ei oversikt over sentrale emne og fagartiklar i kjerneelementet innovasjon og medieutvikling i faget medie- og informasjonskunnskap 1. I kvart av dei seks emna finn du sentrale fagartiklar, undervisningsvideoar og podkastar. Studer innhaldet i emna og noter ned dei viktigaste læringspunkta i stikkordsform.
NB: Jobb samanhengande eller bruk eit eige dokument.
For kvart emne er det mogleg å skrive i eit notatfelt og eksportere notata frå den interaktive ressursen til eit tekstbehandlingsprogram. Men funksjonen er ustabil og føreset at du jobbar samanhengande. Vi tilrår at du noterer i eit Word-dokument eller anna tekstbehandlingsprogram lokalt på pc-en din.