Digitale verktøy
Digitale verktøy som blir nytta i barnehagar og skular, har mange ulike funksjonar. Mest kjent for oss er underhaldningsperspektivet, men det finst ei rekkje appar og program som kan nyttast til å fremje læring og utvikle kreativiteten. I tillegg finst det digitale verktøy som blir nytta som hjelpemiddel for barn og unge med spesielle behov.
Når du skal ta i bruk digitale verktøy på ein god og pedagogisk måte, må du først og fremst finne ut kva som er føremålet med å nytte det. Kvifor vil du nytte dette verktøyet? Når du nyttar digitale verktøy, skal det, som alt anna du gjer, vere forankra i planverket for arbeidsplassen din. Digitale verktøy skal vere ein del av det pedagogiske arbeidet. Du må derfor vurdere om det gir barna skaparglede, vekkjer undring og gir høve til å utforske, og om det bidreg til trivsel og glede i leik og læring, fremjar fellesskap og venskap og bidreg til allsidig utvikling.
Nettbrett og smarttelefonar
Nettbrett og smarttelefonar er dei digitale verktøya som blir mest nytta i barnehagar og skular/SFO. Det er ein fordel med verktøy som har berøringsskjerm, fordi det er enkelt å nytte. Her kan vi laste ned ulike appar og program som passar inn i den pedagogiske planen. Det finst spel, kreative appar, læringsappar og formidlingsappar som i samspel mellom barn og tilsette får ei pedagogisk rolle.
Datamaskiner
Datamaskiner har mange fordelar og kvalitetar. Dei kan nyttast til underhaldning, til å kommunisere med andre, til å hente inn informasjon og til å skrive, teikne og lese. Barn og unge kan aktivt lage både filmar, bøker og musikk på datamaskina. Bøkene kan vi skrive ut og kopiere. Tenk så gøy å gi ut si eiga bok!
Digitale mikroskop
Digitale mikroskop gjer det mogleg å sjå det vi ikkje kan sjå med det blotte auge, både inne og ute. Når vi skal studere dei vesle detaljane i naturen, er eit digitalt mikroskop eit fantastisk hjelpemiddel. Saman med barna kan du utforske, oppnå forståing og få respekt for livet i naturen.
Kamera
Digitalkamera, webkamera, actionkamera og dokumentkamera gir ulike moglegheiter. Mange barn og unge synest det er inspirerande å sjølve nytte ulike kamera for å dokumentere arbeidet sitt. Dei kan til dømes få i oppgåve å ta bilete av det dei er opptekne av, å lage film frå ein tur eller å nytte dokumentkamera saman med projektor for å utforske ting saman på storskjerm. Actionkameraet toler mykje og er ideelt til bruk for barn når dei skal lage sin eigen film eller ta bilete.
Projektor
Å nytte projektor saman med barn og unge kan skape nye uttrykksformer og bidra til sansemotoriske opplevingar. Ved å kople ulike digitale verktøy til projektor kan barn samle seg rundt storskjerm og i fellesskap lese bøker, sjå bilete og film eller undre seg over små kryp. Å ha ein projektor tilgjengeleg der barna oppheld seg, kan gi mange moglegheiter for å skape leik, læring og utforsking på nye måtar.
GPS
Ved hjelp av GPS (Global Positioning System) kan vi orientere oss ute i naturen. Når vi er ute på tur kan vi finne vegen til målet ved å nytte GPS. Barn og ikkje minst ungdommar blir meir motiverte til kroppsleg aktivitet gjennom utforsking ved hjelp av GPS. Dei er nysgjerrige, og GPS som verktøy kan bidra til ein fellesskap der samspel og gruppetilhøyrsel blir stimulert. I tillegg lærer barn om navigering ved hjelp av kart.
Lydopptak
Å ta opp lydar saman kan vere spennande og artig. Vi kan ta opp ulike fuglekvitter og lære oss skilnadene mellom artane. Taleklemmer er eit anna morosamt verktøy for barn. Barna speler inn beskjedar som andre kan lytte til. Her lærer barna å gi korte beskjedar, og det kan nyttast til taleøvingar og lyttetrening.
Programmering
Programmering er ei naudsynt ferdigheit i det 21. hundreåret. Framtida har behov for menneske med kunnskap om programmering, koding, systemutvikling og så vidare. Kunnskap om programmering er viktig for å forstå at vi kan påverke og tilpasse all teknologien vi omgir oss med. Når ein programmerer, gir ein rom for kreativitet og høve til å løyse konkrete problem.
Digitale verktøy skal bidra til leik, kreativitet og læring i barnehage, skule/SFO, fritidsklubb og bustad. Vi som arbeider der, skal leggje til rette slik at barn og unge har høve til å nytte digitale verktøy for å utforske, leike, lære og undre seg. På den måten bidreg vi til at dei kan utvikle digitale ferdigheiter. Hugs at vi vaksne bør vere aktive saman med barna i bruk av digitale verktøy.
Ha klart for deg kva som er målet med aktiviteten.
Vel eit digitalt verktøy som passar til den aldersgruppa du jobbar med.
Skap meiningsfulle samanhengar i det som skal gjerast og produserast.
Du som vaksen må ha kunnskap om det digitale verktøyet de skal nytte.
Introduser aktiviteten steg for steg.
La barna medverke og få resultata frå eit barneperspektiv.
Hjelp barna til å vere kritiske og reflekterande over det dei skal lage.
Utfordringar til deg
Kva krevst av deg for at du kan jobbe med ulike digitale verktøy?
Korleis kan vi nytte digitale verktøy for å vareta medverknaden til barn?
Kva tenkjer du kan vere utfordrande når barn tek bilete eller filmar i barnehage, skule/SFO, klubb eller bustad?
Utdanningsdirektoratet. (2020). Kompetansepakker. Digital praksis. https://bibsys.instructure.com/search/all_courses?design=udir#337