Oppgåve
Kva spor legg du igjen etter deg?
Dagleg legg vi igjen mange spor etter oss. Det gjeld i stor grad digitale spor. Her skal du finne ut kva for nokre digitale spor du legg igjen kvar dag og drøfte personvernet.
Tenk over kva appar du bruker på mobil eller nettbrett i løpet av ein vanleg dag.
- Kor mange appar og kva slags type appar bruker du?
Vel to av dei vanlegaste appane du bruker, men sjå om du kan finne tre ulike typar appar, altså som du bruker til ulikt formål. Gå så inn på innstillingane og finn ut kva appen kan lagre om deg, eller kva tilgangar appen gir til anna innhald på telefonen din.
Var det lett å finne ut? Trur du mange sjekkar personverninnstillingane? Kvifor/kvifor ikkje?
Spør så nokre vaksne heime om kva appar dei bruker mest på telefonen sin og om dei er medvitne løyve dei har godkjent for dei ulike appane.
Var det forskjell på dei vaksne si haldning til bruk av appar og dine eigne haldningar? Kvifor/kvifor ikkje?
- Gjer eit googlesøk på ditt eige namn. Kva fann du? Vart du overraska over mengda informasjon, eventuelt mangel på informasjon? Kva med bilete? Var det lett å finne bileta som ligg av deg på sosiale medium og bloggar? Diskuter om du vil at informasjonen om deg og bileta av deg skal bli liggjande ute.
- Diskuter med sidemannen: Er det greitt at dei vaksne heime legg ut bilete av deg utan å spørje først?
- Drøft om personvernet ditt er mindre verna på grunn av mobil- og nettbruk.