Hopp til innhald
Film og filmklipp

Digitale verktøy i praksis

Digitale verktøy er ein del av kvardagen til barna. Digitale verktøy i praksis kan bidra til leik og aktivitet, til å utforske og skape eit uttrykk og til læring og utvikling.
Video: Terranova Media / CC BY-SA 4.0

Digitale verktøy er ein del kvardagen til barn

I kvardagen kan digitale verktøy vere ei kjelde til leik, undring og utforsking som støttar opp om læringsprosessane til barna.

I samfunnet i dag er digital kompetanse naudsynt. I skulen er det ein del av basisferdigheitene som vi ønskjer at barna utviklar. Barn og unge må derfor få høve til å utvikle kunnskapen, ferdigheitene og haldningane sine (digital dømmekraft) i det å nytte digitale verktøy. Vi må derfor leggje til rette for at barn får utforske, prøve ut og øve på ulike digitale verktøy gjennom leik og aktivitetar.

Digital kompetanse

Det er viktig at vi vaksne har kjennskap til ulike digitale verktøy og har kompetanse om dei verktøya vi tek i bruk. Derfor må vi setje oss inn i dei og vurdere korleis dei kan nyttast i leik og aktivitetar, til utforsking og til skapande og kreative prosessar. Saman med barna kan vi utforske dei ulike digitale verktøya.

Vi skal nytte digitale verktøy i arbeidet med barn og unge, men det krevst at vi vaksne har eit godt blikk og klarer å vurdere om bruken bidreg til det vi ønskjer. Viss barna blir passive og ikkje får høve til å utforske og skape noko sjølve, oppnår vi ikkje målet. Derfor skal vi nytte digitale verktøy med omhug og heile tida vurdere om bruken er i tråd med målet og med det lovverket som gjeld for barnehage og SFO.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre digitale verktøy nyttar du i kvardagen din?

  2. Kva for nokre digitale verktøy meiner du barn kan ha glede og nytte av i barnehage og SFO?

  3. Kvifor må dei vaksne ha kompetanse om ulike digitale verktøy?

  4. Korleis kan du vurdere om eit digitalt verktøy er eigna for læringsprosessen til barn og unge?