Lag ei digital forteljing
Ei digital forteljing er ein kort film der vi ser bilete og eventuell tekst, og i tillegg høyrer vi stemme og musikk. I barnehagar og skular/SFO lagar barna sjølve slike digitale forteljingar. Viss du ikkje kjenner til dette frå før, kan du finne meir informasjon på internett. I tillegg kan du kanskje bli inspirert av filmen som Eidesåsen barnehage laga i 2016 (lenkje ligg i relatert innhald på denne sida).
Lag ei digital forteljing. Av utstyr treng du eit nettbrett med programvare for å lage digital forteljing/film.
Finn ut kva den digitale forteljinga di skal handle om.
Kven skal du lage filmen for? Målgruppe.
Kva musikk, bilete, tekstar og innlesen tekst vil du nytte?
Planlegg innhaldet i forteljinga. Lag gjerne ei skisse av dei ulike sekvensane.
Start med å ta bilete av det du vil ha med i filmen, og legg bileta inn i riktig rekkjefølgje i programmet.
Deretter vel du musikk og tekst.
Lag produktet ferdig, og vis det til klassen din.
Korleis kan du få med barn og unge på å lage digitale forteljingar? Beskriv korleis du vil gå fram, og forklar kvifor du vil gjere det på denne måten.
Å lage si eiga digitale forteljing kan vere eit fint utgangspunkt for å snakke om personvern og digital dømmekraft. Finn ut korleis du kan jobbe med personvern i ei barnegruppe etter å ha laga ei digital forteljing saman med dei.
Kva utviklingsområde blir stimulerte og utvikla hos barn og unge når dei får vere med på å lage digitale forteljingar?
Relatert innhald
Nettside hos player.vimeo.com