Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Digital kvardag og miljømedvitne val
Ein digital kvardag gir både mogelegheiter og utfordringar, og du skal kunne rettleie barn og unge i digital dømmekraft. I tillegg må du reflektere over kva det inneber å ta miljømedvitne val i yrkesutøvinga. I dette emnet kan du lære om begge desse temaa.
Digital kvardag
Digitale verktøy er ein del av kvardagen til barn. Derfor er det viktig at tilsette har ei grunnleggjande forståing av kva for digitale verktøy som eignar seg til bruk med barn og unge. Du må òg utøve digital dømmekraft slik at du kan rettleie barn til å gjere kloke val i den digitale kvardagen sin.