Hopp til innhald
Oppgåve

Kunst av søppel

Gjenbruk betyr at vi nyttar noko meir enn éin gong. I barnehagar og SFO har vi ei gyllen moglegheit til skape kreative prosessar ved å ta i bruk produkt som mange tenkjer på som søppel. Vi vaksne må formidle at kreativt gjenbruk er gøy, og at vi gjer noko bra for miljøet når vi plukkar søppel.

Kreativ prosess

Vi blir påverka av omgivnadene våre, og vi påverkar omgivnadene. I denne oppgåva skal du ut å plukke søppel for å nytte det til å skape eit "kunstverk".

Det kan av og til vere vanskeleg å finne ut på førehand kva ein skal lage. Derfor er det lurt å plukke søppel før du startar den kreative prosessen. Når alt du kan nytte, ligg framfor deg, blir du kanskje inspirert til å tenkje kreativt. Søppelet som du har funne, kan vere med på å utfordre sansane og fantasien din og skape kreativitet og nysgjerrigheit.

Oppgåver

  1. Oppsøk eit området der du verkeleg kan plukke mengder med søppel.

  2. Ta med søppelet tilbake på skulen, og sorter det etter fargar, form og funksjon.

  3. Finn ut:

    1. Kva vil du lage? Lag ei skisse.

    2. Korleis skal du lage det?

  4. Lag kunsten.

  5. Dokumenter prosessen anten ved bilete, film eller lydopptak.

  6. Søppel som du ikkje har nytta, blir sortert som plast, metall/glas eller restavfall.

  7. Avslutt prosjektet med å ha ei kunstutstilling i klasserommet. Inviter gjerne folk til å kome og sjå.

Relatert innhald