Gjenbruk av puslespelbrikker
Utstyr: puslespelbrikker, pensel, måling, lim, glitter, pyntegjenstandar
Tips: Når vi skal måle på puslespelbrikker, er det lurt å ta av den ytste delen av puslespelet. Då sit målinga betre, og det blir lettare å feste saman brikkene.
Vel ei av oppgåvene:
Lag ei uro av puslespelbrikker.
Lag snøkrystallar av puslespelbrikker.
Lag eit måleri ved å ta i bruk puslespelbrikker.
Mål brikkene i ulike fargar og lag eit bilete ved å lime brikkene på ei finerplate.
Lag ein instruksjon basert på korleis du gjennomførte oppgåva. Han skal innehalde:
kva du gjorde
korleis du gjorde det
kva aldersgruppe aktiviteten passa for
kva denne aktiviteten utviklar hos barn
Dokumenter arbeidet ved hjelp av bilete eller video.
Kva andre materiale som er litt øydelagde, kan du nytte til å lage noko av?
Kva bidreg gjenbruk til for miljøet vårt?