Korleis ta vare på engasjementet barna har for naturen?
Barn og unge utforskar naturen og fenomena i naturen på ein annan måte enn det vi vaksne gjer. Dei viser ofte ein enorm entusiasme over den minste tingen og stiller spørsmål som vi vaksne ikkje har tenkt på. Denne entusiasmen må vi byggje vidare på ved å utforske, undre oss, samle inn og observere saman med barna. På den måten bidreg vi til at barna får ei byrjande forståing av samanhengar mellom organismane og miljøa deira.
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig samfunn. I desse oppgåvene skal du jobbe med å utforske naturen anten åleine eller i ei gruppe.
Vel eit prosjekt med utgangspunkt i kva barna på praksisstaden din er interesserte og engasjerte i. Viss det er vanskeleg å kome på noko, kan du sjå i tips-lista nedst i artikkelen.
Lag ein plan over korleis du skal jobbe med temaet. I planen skal det stå:
kva du skal gjere
faglege refleksjonar for kvifor du ønskjer å gjere dette prosjektet
instruksjon med illustrasjonar om korleis du skal gjere det
korleis du skal involvere barna i arbeidet
kva du vil at barna skal erfare og lære
kva verdiar og haldningar vil du fremje hos barna
Gjennomfør prosjektet anten heime, på skulen eller i praksis.
Dokumenter prosessen ved hjelp av bilete.
Evaluer arbeidet ditt ved å stille spørsmål:
Kva gjekk bra, og kvifor?
Kva kunne du gjort annleis, og kvifor?