Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva kan du gjere for miljøet?

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ta miljømedvitne val i det daglege arbeidet ditt. Det vil seie at du sjølv skal vere ein aktiv og ansvarleg deltakar i å gjere val som fremjar miljøet og berekraftig utvikling. Korleis skal du gjere det?

Miljømedvitne val

Når du skal ta miljømedvitne val i yrket ditt som barne- og ungdomsarbeidar, må du vite kva du kan gjere, og kva som er i tråd med miljøverdiane i samfunnet. I 2015 vart dei 17 verdsmåla for berekraftig utvikling vedtekne av FNs medlemsland.

Av desse 17 måla er det spesielt mål 12, 13, 14 og 15 som handlar om miljømedvitne val som du som individ kan ta. Når du set deg godt inn i desse måla, vil du få større kunnskap om korleis du kan ta miljømedvitne val i yrket ditt.

Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon

Vi må sørgje for å få ned forbruket vårt. I dag forbruker vi meir enn det kloden vår toler, tenk berre på all maten vi kastar. I tillegg må vi redusere bruk av ressursar, bruk av miljøøydeleggjande stoff og utslepp av farlege stoff. Slå av lys og unødvendig varme, og kjøp reingjeringsprodukt som er miljømerkte.

Mål 13: Stoppe klimaendringane

Den globale gjennomsnittstemperaturen har auka, og resultatet blir klimaendringar som får alvorlege konsekvensar i alle land. Vi må kutte utslepp av CO2 og satse meir på fornybar energi. Vi bør redusere bruk av bil/moped/motorsykkel og heller satse på kollektivtrafikk eller sykkel.

Mål 14: Livet i havet

Havet gjere det mogleg for oss å leve på jorda, på grunn av temperaturen, kjemien, straumdraga og livet som finst der. Over halvparten av oksygenet vi pustar inn, kjem frå havet. Vi må derfor verne det. Det betyr at vi må stanse forsøpling og forgifting av havet og ta vare på sårbare artar.

Mål 15: Livet på land

Livet på land er trua ved at økosystem blir øydelagde. Skogsområde må vernast slik at vi tek vare på dei mange ulike artane av planter og dyr som lever der. Skogen gir mat og ly til over 80 prosent av alle dyr, og vi må unngå tap av det biologiske mangfaldet. Når vi ferdast i skogen, må vi vise respekt for planter og dyr og unngå å lage skadelege spor.

Forslag til kva du kan gjere

Å ta miljømedvitne val inneber handlingar som fremjar berekraftig utvikling, og det kan vere naudsynt med ei haldningsendring. Vi må jobbe saman om å ta miljømedvitne val, men det startar med deg sjølv. Det kan bety at du må endre tenkinga og veremåten din for å kunne handle berekraftig.

I tillegg til at du skal gjere miljømedvitne val, skal du, ifølgje rammeplanen for barnehage og SFO og læreplanane for skulen, fremje miljømedvit hos barn og unge.

Du må tenkje nøye igjennom korleis du skal formidle miljømedvitne val til barn og unge. Barnehagar og skular/SFO skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlingar har konsekvensar for framtida. Samtidig må vi passe på at vi ikkje skremmer barn med dystre framtidsutsikter. Her blir det på mange måtar eit etisk dilemma. Vi vil jo at barna skal leve her og no og oppleve eigenverdien til barndommen, samtidig som vi vil ta vare på framtida.

Det kan vere lurt at vi som jobbar med barn og unge, klarer å gjere miljømedvitne aktivitetar så automatisert som mogleg. Å sortere avfall skal vere like sjølvsagt som at vi vaskar hender eller pussar tenner, å ikkje kaste søppel i naturen skal vere like sjølvsagt som å rydde opp etter oss når vi har ete.

I yrket ditt kan du saman med barna:

  • sortere avfall riktig (papir, matavfall, plast, glas og metall og dessutan spesialavfall)

  • dyrke mat sjølv

  • plante tre

  • unngå å kaste mat

  • lage kompostbinge

  • byggje insekthotell

  • lage flaggermuskasse

  • kjøpe produkt som er svanemerkte og parfymefrie

  • kjøpe miljøvenlege leiker, teiknesaker og unngå elektroniske leiker med kort levetid

  • unngå plastleiker eller velje leiker av hard plast

  • nytte ting i naturen som leiker

  • reparere ting som går i stykke

  • redusere forbruket av elektrisk lys og varme

  • unngå overforbruk av papir

  • gjenbruke leiker og klede

  • oppføre dykk respektfullt i naturen

  • plukke søppel og rydde strender

Det å gjere aktivitetane saman med barn og unge fremjar forståing og lærdom om naturen, til dømes gjennom å byggje ein kompostbinge. Her kan vi undre oss saman om kva som skjer når komposten blir broten ned. Korleis skjer det, og kvifor blir kompost til jord? Samtidig tek du og barna eit miljømedvite val ved å kompostere matavfall og grøntavfall.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det å ta miljømedvitne val?

  2. Miljømedvit kan handle om å endre haldningar og handlingar. Forklar kva som ligg i det.

  3. Kva utfordringar vil det vere for deg å gjere miljømedvitne val i livet ditt? Kva må du endre hos deg sjølv?

Kjelde

FN-sambandet. (8. januar 2021). FNs bærekraftsmål. https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

Relatert innhald

Fagstoff
Refleksjon

Å reflektere inneber å tenkje grundig gjennom episodar eller opplevingar du erfarer. Når vi reflekterer, vender vi tankane tilbake på noko.