Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Digital kvardag og miljømedvitne val
Ein digital kvardag gir både mogelegheiter og utfordringar, og du skal kunne rettleie barn og unge i digital dømmekraft. I tillegg må du reflektere over kva det inneber å ta miljømedvitne val i yrkesutøvinga. I dette emnet kan du lære om begge desse temaa.
Miljømedvitne val i yrkesutøvinga
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du ta miljømedvitne val i yrket ditt. Det er viktig å tenkje berekraft i alt vi gjer i kvardagen, for å sikre framtida. I tillegg skal du fremje miljømedvit hos barn og unge.