Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk eit dagsenter

I denne oppgåva får du høve til å finne ut meir om kva eit dagsenter er, kva som blir gjort der, og kva arbeidsoppgåver ein fagarbeidar kan ha på eit dagsenter.
Ung mann med Downs syndrom speler brettspel saman med ei vaksen kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein presentasjon

Lag ein presentasjon i form av PowerPoint, plakat, digital forteljing, film, Prezi eller liknande. Presenter for resten av klassen.

Vel om de vil jobbe individuelt, i par eller i grupper.

Finn informasjon på internett og besøk gjerne eit dagsenter i kommunen din. Viss du besøker senteret, har du moglegheit til å snakke med eller intervjue ein fagarbeidar på senteret for å få svar på spørsmåla dine.

Presentasjonen skal innehalde

  • namn på dagsenteret

  • kven som er målgruppa for senteret

  • korleis ein får plass på dagsenteret

  • talet på brukarar

  • talet på tilsette

  • opningstider

  • organisering og innhald i dagen

  • kva aktivitetar som blir tilbodne

  • kva yrkesgrupper som jobbar der, og kven dei samarbeider med

  • arbeidsoppgåver for fagarbeidaren

  • kva eigenskapar, haldningar, ferdigheiter og kunnskapar som er viktige for å arbeide der

  • bilete/videoar av ulike aktivitetar (hugs å ikkje ta bilete av personar utan samtykke på førehand)

  • bilete av senteret, innvendig og utvendig

  • eventuelt andre ting du synest er interessant

Refleksjonar

Reflekter individuelt, i gruppe eller i klassen over dei følgande spørsmåla:

  1. Kva er positivt med å jobbe på eit dagsenter?

  2. Kva utfordringar kan det vere med å jobbe på eit dagsenter?

  3. Kva bidreg dagsentertilbodet til for

    • den enkelte

    • pårørande

    • samfunnet

  4. Korleis vareta sjølvbestemming for personar som er på eit dagsenter?

  5. Kva eigenskapar, haldningar, kunnskapar og ferdigheiter er viktige når du arbeider på eit dagsenter?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Dag- og fritidstilbod