Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor vere på ein fritidsklubb?

Fritidsklubben ønskjer å informere om kva dei gjer, og kva aktivitetar dei har for ungdommar. Dei må derfor tenkje på korleis dei kan reklamere for fritidsklubben slik at ungdom får lyst til å kome og bruke tilbodet.
Smilande ungdom av begge kjønn. Ei jente sit på ryggen til ein gut, nokon andre går ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Lag ein reklameplakat, reklamebrosjyre eller ein liten reklamefilm for ein fritidsklubb! Du vel sjølv kva type fritidsklubb det er, og om målgruppa skal vere elevar på ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Her kan du mellom anna ta med informasjon om

    • kva ein fritidsklubb er
    • opningstider
    • plassering
    • kven som kan gå på fritidsklubben
    • kven som jobbar der
    • kva fordeler det har for ungdommane å vere på klubben
    • kva tilbod fritidsklubben har
    • eventuelt andre ting du ønskjer å ta med for å reklamere for fritidsklubben
  2. Del produktet ditt med tre medelevar og gi kvarandre tilbakemeldingar på reklamen, både på innhaldet og bileta som er nytta. Til slutt forbetrar de produkta på bakgrunn av tilbakemeldingane. Kanskje de kan lage ei lita utstilling?
  3. Nokre foreldre er skeptiske til å la barna sine dra på fritidsklubben. Lag eit informasjonsskriv retta mot foreldre/føresette der du skriv om kva betyding ein fritidsklubb har for oppvekstmiljøet til barn og unge. Ta med informasjon om kva ein fritidsklubb er, kva for nokre førebyggjande effektar det kan ha, kven som jobbar der, og kva utdanning/erfaring dei har, og kva som er viktige verdiar for klubben. Ta utgangspunkt i den same fritidsklubben som du laga reklame for i oppgåve 1.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Dag- og fritidstilbod