Hopp til innhald

Fagstoff

Fritidsklubb

Fritidsklubbar har i dag mange ulike namn, til dømes ungdomshus, ungdomsklubb, juniorklubb, allaktivitetshus for ungdom, open møteplass. Å vere på fritidsklubb er ein populær fritidsaktivitet blant mange ungdommar.
Ei gruppe ungdommar står tett saman på rekkje og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein fritidsklubb?

Ein fritidsklubb har som føremål å vere ein sosial møteplass for all ungdom mellom 10 og 18 år. Fritidsklubben skal vere ein rusfri arena som er open og tilgjengeleg for alle, ved at det ikkje blir stilt nokre krav til evner, kunnskap, religion og liknande. I fritidsklubben skal ungdommane sjølv vere med å bestemme korleis han skal vere, og kva slags aktivitetar dei skal kunne drive med.

Litt historie

Den første fritidsklubben vart oppretta på Hammersborg i Oslo i 1953, og han skulle vere ein møtestad der ungdom kunne treffast og drive med aktivitetar dei sjølv ønskte. Målet var å motverke større samlingar av ungdommar utandørs eller i privat regi med mogleg rusbruk, hærverk og annan risikofylt aktivitet.

På slutten av 1970-talet og første halvdel av 1980-talet vart det etablert kommunal fritidsklubbverksemd over heile landet.

Kvifor fritidsklubb?

Fritidsklubbar har hatt ei sentral rolle i norsk ungdomspolitikk, særleg som førebyggjande arena. Fritidsklubben skal vere eit førebyggjande tiltak ved at det skal vere ein trygg stad å vere og lære saman med andre ungdommar og trygge vaksne. Det skal mellom anna vere eit rusfritt, mobbefritt og trygt sosialt inkluderande miljø der ungdommar opplever meistring og tilhøyrsel. Dette er for å unngå uønskt åtferd eller skeivutvikling.

Førebyggingseffekten skal vere eit resultat av at ungdom får positive opplevingar og erfaringar som styrkar kompetanse og sjølvtillit. Ungdommane skal få eit positivt syn på seg sjølve. På den måten kan deltaking i fritidsklubb medverke til å styrkje viljen og evna til den enkelte ungdom til å velje konstruktive aktivitetar framfor destruktiv sosialisering eller anna problemåtferd.

Kulturarena

Fritidsklubben er ein open møteplass der ungdom har høve til å utøve og delta i ulike kulturaktivitetar. Denne kulturarenaen blir kjenneteikna av at ungdom utviklar og skaper kulturuttrykk på eigne premissar.

Fritidsklubbane har ofte mykje og ulikt musikkutstyr, og dette utstyret er tilgjengeleg for all ungdom. Ofte blir personalet tilsett i fritidsklubbar fordi dei har kunnskap om dans eller musikk, og dei kan tilby opplæring på nybyrjarnivå. Mange ungdommar får dei første erfaringane sine med musikkutøving, dans, kunst og teater gjennom fritidsklubben.

Utvikling av sosial kompetanse

Sosial kompetanse er evna individet har til samspel med andre i ulike situasjonar. Fritidsklubben skal bidra til utviklinga av den sosial kompetansen for ungdommane. Dei unge skal lære å meistre ulike miljø og bli i stand til å etablere og halde ved like relasjonar og venskap, noko som medverkar til auka trivsel og fremjar utvikling. Sosial kompetanse er ein viktig faktor for å motverke utviklinga av problemåtferd som kriminalitet, rus, vald, diskriminering og mobbing.

Medverknaden til ungdom

I fritidsklubben skal dei unge få vere med og bestemme. For at ungdom skal få vere ein del av demokratiet i ein fritidsklubb, vil dei få opplæring og reell makt til å ta avgjerder i fellesskap slik at alle er inkluderte og har lik moglegheit til å bestemme. Det er ulike måtar å praktisere klubbdemokrati på i ein fritidsklubb. Det kan til dømes vere bruk av allmøte, kafédialog eller val av klubbstyre.

Ein gjeng ungdommar sit saman på bakken ute. Dei snakker saman og ler. Nokon har shorts og t-skjorte på. I bakgrunnen er det rekkjer med små hus eller hytter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilsette i fritidsklubb

Barn og ungdom treng trygge vaksne. Dei som arbeider i fritidsklubb, må vere vaksne som står for tydelege verdiar og klarer å formidle desse til unge i dag. Rolla til den vaksne i ein fritidsklubb er å vere ein god rettleiar og ein som har tid til å lytte og samtale.

Dei som jobbar i fritidsklubb, kan ha ulik utdanning, til dømes kan det vere barne- og ungdomsarbeidarar, barnevernspedagogar, sosionomar og kulturarbeidarar.

Lovverk

Fritidsklubbar er ikkje underlagde noko bestemte lovverk, men Noreg har ratifisert FNs barnekonvensjon, noko som betyr at han gjeld som norsk lov. For fritidsklubbane er artikkel 31 særleg viktig. Den handlar om retten barn har til kvile og fritid og til å delta i leik og fritidsaktivitetar som passar for alderen til barnet. Artikkelen seier òg at barn skal kunne delta fritt i kulturliv og kunstnarisk verksemd.

For dei tilsette er òg artikkel 3 i barnekonvensjonen om det beste for barnet og artiklane 12 til 15 om retten til å bli høyrd og til medbestemming relevante føresegner.

Vidare må dei tilsette i fritidsklubben rette seg etter lov om teieplikt i forvaltingslova § 13 og opplysingsplikt til barnevernet i barnevernslova § 6-4. Dei kan òg bli bedne om å leggje fram politiattest etter § 34-12 i politiregisterforskrifta.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein fritidsklubb?
  2. Kven kan nytte ein fritidsklubb?
  3. Kva er fordelane med å gå i ein fritidsklubb?

Kjelde

Ungdom og Fritid. (u.å.). Kompendium til Ungdom og Fritids opplæringsprogram. Henta 13. oktober 2020 frå https://www.ungdomogfritid.no/wp-content/uploads/kompendium-til-ungdom-og-fritids-opplC\\3A\\6ringsprogram.PDF

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Dag- og fritidstilbod