Å arbeide på dagsenter
Tilbod om dagsenter varierer frå kommune til kommune. Organisering og innhald vil òg variere frå kommune til kommune og ut frå bistandsbehovet hos dei som får tilbodet.
Dagsentera har ulike målgrupper, og kommunane blir oppmoda til å unngå uheldige blandingar av målgrupper ved etablering av dagaktivitetstilbodet. I dag finst det mellom anna dagsenter som er reserverte for personar med utviklingshemming, funksjonsnedsetjing, somatisk eller psykisk sjukdom eller personar som har utfordringar med rus. I tillegg er det òg dagsenter reserverte for eldre og eldre med demens.
Felles for alle dagsenter er at aktivitetane blir tilpassa behova, interessene og ressursane til den enkelte.
Dette er eit organisert og tilpassa tilbod på dagtid for personar med utviklingshemming. Det skal bidra til eit aktiv og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre.
Organiseringa av dagtilbodet vil variere ut frå individuell tilrettelegging og tilpassing til behova til den enkelte. Det blir teke omsyn til interessene og ferdigheitene, humøret og dagsforma til deltakarane. Tilbodet kan innehalde
produksjon og arbeidsprega aktivitetar
kunst- og handverksproduksjon
habilitering, opptrening og pedagogiske formål
aktivitetar knytte til merkedagar
matlaging og måltid saman med andre
kulturelle tilbod som besøk på museum, teater, kino, utstillingar eller konsertar
fysisk aktivitet og rørsle, turar og utflukter
sosiale samlingar
Aktivitetane og treninga kan gå føre seg individuelt, men det kan òg leggast til rette slik at brukarane kan utføre aktivitetar i ein sosial fellesskap.
Dagsenter for eldre er eit aktivitetstilbod for eldre som har behov for innhald og aktivitetar i kvardagen. Dette kan til dømes vere på grunn av einsemd, som ledd i rehabilitering, ved behov for tilsyn og oppfølging og som avlasting for pårørande. Tilbodet på dagsenteret blir gitt ut frå interessene og behova til brukarane.
Dagsenteret kan gi tilbod om
sosialt samvær og samtalar
måltid som frukost og middag
ernæringsrettleiing
aktivitets- og kulturtilbod i ein sosial fellesskap
opptrening, rehabilitering/habilitering
trening i aktivitetar i dagleglivet
ulike andre aktivitetar tilpassa moglegheitene og ønska til den enkelte
fysiske aktivitetar og turar i nærmiljøet tilpassa årstida
markering av ulike høgtider
Frå 1. januar 2020 har kommunane plikt til å tilby dagaktivitetstilbod for personar med demens. Dagtilbod til personar med demens inneber avlasting for pårørande og betyr at personen kan bu heime lenger. Formålet med tilbodet er at menneske med demens får moglegheit til å møtast sosialt og utføre aktivitetar dei liker å halde på med, og slik bidra til at dei får meiningsfylte dagar.
Aktivitetane skal tilpassast den enkelte slik at dei skal få halde på med aktivitetar dei liker og opplever som nyttige. Aktivitetane bør stimulere til at deltakarane får bruke både hovud og kropp, og til at dei får ein sosial fellesskap.
Aktivitetar kan til dømes vere
å lese aviser og snakke om dagens nyheiter over ein kopp kaffi
samtalar og refleksjonar
quiz, kryssord, sudoku, kortspel og bingo
musikk, song og dans
sansestimulering
ulike former for gymnastikk og rørsle for å auke funksjon, styrke og balanse, ulike ballspel og bowling
turar og uteaktivitetar i nærområdet
hagestell, ved-arbeid, landskapspleie, kontakt med dyr
vedlikehald av bygningsmasse, snikring, møbeltapetsering
utflukter med besøk på museum, konsert og utstilling
kunst- og handverksprega aktivitetar som måling, strikking, keramikk og snikring
matlaging og baking med felles måltid etterpå
I arbeidet på eit dagsenter, der du skal vareta og legge til rette for trivsel og gode aktivitetsmoglegheiter, omfattar arbeidet mellom anna at du som fagarbeidar
tek omsyn til mennesket du møter, som eit menneske med eigne kjensler, opplevingar, ønske og vilje
ser kvart enkelt menneske som unikt, ser kapasiteten og personlegdommen, interessene og aktiviteten til den enkelte
er lydhøyr og merksam for behova og signala til enkeltmennesket
etablerer ein omsorgsfull relasjon preget av nærleik, innleving og at du er lydhøyr
skaper tryggleik, tillit og trivsel i samvær med andre
viser empati og oppfattar og forstår ulike situasjonar og kulturar
kommuniserer godt og tilpassar kommunikasjonen til kvart enkelt menneske, og at du tek i bruk ulike kommunikasjonsformer når det er nødvendig, til dømes ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon). Det kan mellom anna innebere bruk av handteikn, kommunikasjon gjennom sansestimuli og berøring, bruk av kommunikasjonsmiddel som peiketavle, grafisk kommunikasjonsbok, talemaskin, materielle symbol, omsetjing og tolking av kroppsspråk, mimikk, gestar og liknande.
legg til rette for, hjelper, rettleier og motiverer til daglege aktivitetar i kvardagen ut frå erfaringane og interessene til brukaren
gir råd og rettleiing om kosthald og ernæring
har kunnskap om ulike diagnosar
stimulerer til brukarmedverknad og brukarstyrte aktivitetstilbod
har sjølvinnsikt og forståing for korleis eigen veremåte påverkar samspel
gjennomfører etisk refleksjon, slik at du kan utforske situasjonen frå fleire sider, for å få fram nye perspektiv og moglege løysingar
Utfordringar til deg
Kva er eit dagsenter?
Kven er brukarar av eit dagsenter?
Kva aktivitetstilbod kan bli gitt på eit dagsenter?
Korleis trur du det er å jobbe på eit dagsenter?
Helsedirektoratet. (2022, 8. mars). Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming. Nasjonal veileder. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/gode-helse-og-omsorgstjenester-til-personer-med-utviklingshemming
Helsenorge. (2019, 10. september). Dagtilbud. https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/dagtilbud/
Nasjonalt senter for aldring og helse. (u.å.). Dagaktivitetstilbud. Henta 5. juni 2022 frå https://www.aldringoghelse.no/demens/a-leve-med-demens/hverdagen-etter-diagnosen/dagaktivitetstilbud/
Relatert innhald
Målretta miljøarbeid handlar om planlagt, tilrettelagt og systematisk bruk av miljøet i arbeidet med brukarar av helse- og omsorgstenester.