Hopp til innhald
Film og filmklipp

Kvifor jobbe i barnehage?

Som barne- og ungdomsarbeidar må du ha fagleg kompetanse og vere engasjert og interessert i å arbeide med barn. I dei to filmane under fortel ein barne- og ungdomsarbeidar og ein lærling om kvifor dei vil jobbe i barnehage.

Barne- og ungdomsarbeidar – eit samspel med gode venner

Nina er barne- og ungdomsarbeidar. I filmen (2 minutt) fortel ho om det ho er oppteken av i arbeidet med barn. Ho er oppteken av å sjå kvart enkelt barn og å få eit godt forhold til dei. Dei er veldig stolte av bie-prosjektet som bidreg til at barna vil ta vare på naturen. Slik blir barna i betre stand til å ta vare på miljøet i framtida.

Video: KS Ung / Avgrensa bruksrett

Lærling i barnehage – ein jobb du aldri vil kjede deg i!

I filmen under (ca. 3 minutt) møter du Erik som er lærling i ein barnehage. Han fortel at han ønsker å bli barne- og ungdomsarbeidar for å vere ein god rollemodell for barna. Vi følger han i ulike aktivitetar med barna gjennom dagen, både inne og ute. Han fortel at ein barne- og ungdomsarbeidar må ha interesse og engasjement for å kunne jobbe med barn. I dette arbeidet er det viktig å vere reflektert over det du gjer, og korleis det du gjer, blir for barna.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor kan leik og aktivitetar i naturen fremme evna barna har til å ta vare på naturen?
  2. Korleis kan du bidra til å skape nysgjerrigheit og undring over naturen?
  3. Korleis kan du vere ein god rollemodell for barn og unge?
  4. Kvifor er det å vere endringsvillig ein god eigenskap for barne- og ungdomsarbeidaren?
  5. Kva tenker du at det å jobbe med barn kan gi deg?