Hopp til innhald

Fagstoff

Skule

Ein skule er ein institusjon der barn og unge skal få undervisning og moglegheit til sosialisering i eit fellesskap. Målet i den norske skulen er at elevane skal utvikle kunnskap, evner og haldningar for å kunne meistre livet og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.
Skulejente leiker at ho er lærar ved at ho peiker med peikestokk på tavla. Ho står på ein pult framfor tavla. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skulen i dag

Skulen i dag har fleire funksjonar. Det skal vere ein stad der barn tileignar seg kunnskapar og evner, samtidig skal han bidra til at kvar enkelt utviklar seg som menneske. Elevane skal lære å meistre livet og dermed kunne ta del i og vere med på utvikle det samfunnet dei lever i.

Skulen har som eit viktig ideal å omfatte alle elevar. Han skal vere sosialt inkluderande, og alle har rett til og skal ha moglegheit til å gjennomføre ei utdanning til dei er 19 år. Derfor er det eit viktig prinsipp i skulen at utdanninga skal vere tilpassa evnene og føresetnadene til den enkelte eleven.

Ein skule er anten privat eller offentleg. Dei offentlege skulane blir drivne og er eigde av kommunen. Dei private skulane er eigde og blir vanlegvis drivne av private organisasjonar eller bedrifter. Private skular får offentleg støtte, men foreldra må òg betale skulepengar. Enkelte privatskular har ein spesiell pedagogisk profil, slik som steinerskular og montessoriskular, eller dei kan ha eit spesielt religiøst fundament. Private skular er underlagde lovregulering på same måte som den offentlege skulen. Det er ikkje lov å tene pengar på private skular.

Skulen er underlagd ulike lover, forskrifter, kulturelle tradisjonar og verdiar.

Grunnskule

I Noreg har vi tiårig grunnskule, med barne- og ungdomsskule. Barneskulen er frå 1. til 7. trinn. Barn startar vanlegvis på skulen det året dei fyller seks år. Ungdomsskulen er frå 8. til 10. trinn. I Noreg har barn i grunnskulen rett og plikt til skulegang. Rett til skule vil seie at det offentlege skal gi eit skuletilbod til alle barn. Plikt til skule vil seie at alle barn i Noreg har opplæringsplikt. Opplæringa kan forgå på ein offentleg skule, på ein privat skule eller som heimeundervisning.

Vidaregåande skule

Vidaregåande skule er eit tilbod for ungdom etter ungdomsskulen. Alle ungdom mellom 16 og 24 år har rett til treårig vidaregåande utdanning. Det må søkjast om plass ved vidaregåande utdanning. Ingen har plikt til å gå på vidaregåande skule, men det er ein rett du har. For nokre elevar med spesielle behov kan det søkjast om utvida rett til opplæring i vidaregåande skule. Då blir retten utvida frå tre til fem år.

Ein kvinneleg lærar rettleier elevar på barneskule. Ho peiker i arbeidsboka til den eine eleven, og fleire andre elevar følgjer òg med. Det er fargerike gardiner i vindauga og bokstavplakatar på veggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barne- og ungdomsarbeidaren i skulen

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du planlegge, leggje til rette for og gjennomføre ulike pedagogiske tilbod for barn og unge for å stimulere til vekst og utvikling. Vanlege arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar er å

  • hjelpe barn med å få ei sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel, fellesskap, leik, utforsking og læring
  • rettleie barn og unge til å ta ansvar for sitt eige liv
  • planleggje, gjennomføre og dokumentere aktivitetar

Du jobbar med grupper og enkeltpersonar med ulik bakgrunn og ulike føresetnader i livet. Du skal planleggje, gjennomføre og vurdere aktivitetane ut ifrå funksjonsnivået og livssituasjonen til barna, og for å fremje den fysiske og psykiske helsa til kvart enkelt barn. Som barne- og ungdomsarbeidar er du ikkje ansvarleg for drive undervisning og vurdering i fag, det er det lærarane som har ansvar for. Du skal hjelpe til i opplæringa under rettleiing av lærarar eller andre fagpersonar.

Barneskulen

I barneskular blir ofte barne- og ungdomsarbeidaren knytt opp mot enkeltelevar og/eller klassar som treng ekstra støtte og oppfølging. Under rettleiing av lærarane følgjer barne- og ungdomsarbeidaren opp faglege og sosiale aktivitetar. Som barne- og ungdomsarbeidar kan du få i oppgåve å planleggje, gjennomføre og dokumentere aktivitetar som dekkjer fysiske, psykiske, kulturelle og sosiale behov. Aktivitetane kan bli gjennomførte anten i timane eller i friminutta.

Mange barneskular nyttar barne- og ungdomsarbeidarane aktivt i friminutta ved at dei har ansvar for å sikre at utemiljøet i skulegarden er fysisk og psykisk trygt og godt for alle elevar.

Barne- og ungdomsarbeidarar kan òg jobbe med leksehjelp etter at skulekvardagen er ferdig. Leksehjelp er eit frivillig tilbod på alle trinn i barneskulen.

Ungdomsskulen

Ein barne- og ungdomsarbeidar i ungdomsskulen kan ha liknande oppgåver som på barneskulen med å gi praktisk hjelp og oppfølging av elevar gjennom skulekvardagen. Ein barne- og ungdomsarbeidar kan ofte få ein del ansvar for å følgje opp det sosiale miljøet til elevane og fremje sosial evner.

Nokre ungdomsskular nyttar alternative opplæringsarenaer anten på eller utanfor skulen. Ein alternativ opplæringsarena skal vere ein stad der elevane får den opplæringa dei har krav på. På slike opplæringsarenaer kan ein barne- og ungdomsarbeidar bli tilsett. Ein spesialpedagog eller lærar er ansvarleg for opplæringa, og barne- og ungdomsarbeidaren utfører oppgåver under kyndig rettleiing. Hugs at skulen må vurdere om ein alternativ opplæringsarena er naudsynt for at eleven skal få eit forsvarleg utbytte av opplæringa ut frå situasjonen sin. Det må òg vurderast om tiltaket er til det beste for barnet, i tråd med barnekonvensjonen art. 3 nr. 1. Dersom det ikkje er til det beste for barnet at ho eller han får delar av opplæringa ein annan stad enn skulen, skal ikkje ein slik arena bli nytta.

Fem gutar i vidaregåande-alder går saman i ein korridor på ein skule. Dei har sekk på ryggen, den eine guten held ei skriveblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vidaregåande skule

På vidaregåande skular kan ein barne- og ungdomsarbeidar bli tilsett knytt til enkeltelevar med særskilde behov, der dei hjelper og støttar eleven ut i frå dei behova eleven har.

Barne- og ungdomsarbeidarar kan i vidaregåande skule ha ansvar for å vere ein del av miljøet blant elvane. Her har dei moglegheit til å støtte og følgje opp dersom elevar har det vanskeleg eller møter problem i skulekvardagen. Dei kan òg hjelpe til med å rettleie og hjelpe elevane til å få hjelp frå ulike instansar.

Ein barne- og ungdomsarbeidar kan arbeide på avdelingar som har elevar med spesielle behov, der elevane får opplæring i kvardagslivstrening og/eller grunnkompetanse. Grunnkompetanse er kompetanse på lågare nivå enn full yrkes- eller studiekompetanse. Her jobbar barne- og ungdomsarbeidaren i tett samarbeid med lærarar, spesialpedagogar, vernepleiarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Det er helsefagleg personale som har hovudansvaret for alt knytt til medisinering og helsehjelp. Spesialpedagogane er hovudansvarlege for å utarbeide individuell opplæringsplan. Dette blir ofte gjort i tett samarbeid med barne- og ungdomsarbeidaren.

Utfordringar til deg

Kva trur du kan vere givande, og kva kan vere utfordrande for deg ved å jobbe som barne- og ungdomsarbeidar på desse stadene?

  1. barneskulen
  2. ungdomsskulen
  3. vidaregåande skule
Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2014). 2.9 Bruk av alternativ opplæringsarena i Veilederen Spesialundervisning. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/sarskilte-behov/spesialundervisning/spesialundervisning/retten/2.9/

CC BY-SASkrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2020

Læringsressursar

Barnehage, skule og SFO