Hopp til innhald
Film og filmklipp

Å arbeide i SFO

Ein barne- og ungdomsarbeidar fortel om korleis det er å jobbe i SFO og i skulen. Her får du høyre erfaringane hennar med ulike møte med barn og kva ansvar ein barne- og ungdomsarbeidar har i desse møta.
Video: Høgskolen i Bergen / Avgrensa bruksrett

Utfordringar til deg

  1. Kva betyding har utdanning i arbeidet med barn?
  2. Korleis kan ein barne- og ungdomsarbeidar bidra til å skape tryggleik i kvardagen til barn i skule og SFO?
  3. Kvifor er det viktig å alltid reflektere over eige arbeid med barn?
  4. Korleis kan barn lære empati? Kvifor er det viktig å lære barn å vere empatiske?
  5. Kva fordeler meiner du det kan gi at det er tilsette frå ulike kulturar i skule og SFO?