Å arbeide i oppvekstsektoren - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Å arbeide i oppvekstsektoren

Korleis er det å jobbe i oppvekstsektoren? I denne oppgåva kan du undersøke korleis det er å jobbe som fagarbeidar i oppvekstsektoren.

Undersøk korleis det er å jobbe i oppvekstsektoren

  1. Intervju ein fagarbeidar i barnehage eller SFO/skule. Jobb gjerne saman i par eller gruppe. Ved hjelp av intervjuet kan du/de finne ut

    • kva arbeidsoppgåver fagarbeidaren har

    • kva ansvar fagarbeidaren har

    • kva yrkesgrupper fagarbeidaren samarbeider med

    • kva utdanning som er nødvendig

    • korleis arbeidstida er

    • kva eigenskapar som er viktige i arbeidet

    • kva lovverk fagarbeidaren må følge

    • kva det vil seie å vere ein god rollemodell

    • korleis ein kan vere ein profesjonell fagarbeidar

    • kva er positivt med jobben

    • om det er nokre utfordringar med jobben

    • svar på andre spørsmål du/de lurer på

  2. Lag ein presentasjon av det du/de har funne ut, og presenter for klassen.

  3. Diskuter i grupper eller i klassen.

    • Kva er positivt med å jobbe i oppvekstsektoren?

    • Kva er utfordringane ved å jobbe i oppvekstsektoren?

    • Kvifor vil du jobbe i oppvekstsektoren, eller kvifor vil du ikkje gjere det?

    • Kva må du lære om for å kunne planlegge, legge til rette for og gjennomføre ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom, som skal stimulere til vekst og utvikling?

  4. Eigen refleksjon.

    1. Kva har du lært om det å jobbe i oppvekstsektoren?

    2. Kva treng du å lære meir om for å kunne

      • legge til rette for leik

      • vareta omsorg og skape gode relasjonar mellom menneske

      • rettleie barn og unge til å ta ansvar for sitt eige liv

      • planlegge og gjennomføre aktivitetar

      • nytte forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet

      • vere ein god rollemodell for barn og unge

Relatert innhald

Fagstoff
Leiken sin eigenverdi

Å leike er gøy! Det er morosamt, spennande og utfordrande. Å leike er magisk! Det er derfor barna leiker. Å leike bidreg positivt til den psykiske helsa.

Fagstoff
Relasjonsferdigheiter

Å knytte relasjonar er grunnlaget for å kunne fungere sosialt. Derfor er det viktig at du utviklar gode relasjonsferdigheiter.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022