Relasjonsferdigheiter - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Relasjonsferdigheiter

Som barne- og ungdomsarbeidar har du ansvaret for å skape gode relasjonar til barn og unge. For å oppnå det treng du relasjonsferdigheiter. Relasjonsferdigheiter er naudsynt i samhandling mellom menneske for å kunne ta perspektivet til andre.
Video: Extreme Music, Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du beskrive omgrepet relasjonsferdigheiter? Bruk døme.
  2. Kvifor er det viktig å skape gode relasjonar til barn og unge du er saman med?
  3. Kva er det med relasjonar som gjer dei både så verdifulle og så kompliserte?
Skrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide. Rettshavar: Filmkonsulentene
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021