Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når heimen min er arbeidsplassen din

Når heimen til ein annan er arbeidsplassen din, er det nødvendig å reflektere over kva betydning du som fagarbeidar har i denne heimen som òg er arbeidsplassen din.
Geriljabroderi med teksten "Velkommen, dagen er uansett ødelagt". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein god heim

  1. Kva kjenneteiknar ein god heim for deg?

  2. Del med medelevar det du har svart på oppgåve 1. Reflekter og diskuter med ein eller fleire medelevar over følgande spørsmål:

    1. Kva for nokre felles kjenneteikn på ein god heim har de?

    2. Kvifor finst det ikkje noko fasitsvar på kva som er ein god heim?

    3. Kvifor må du som fagarbeidar reflektere over kva som er ein god heim?

  3. Lag ei liste over kva som må vere til stades i det fysiske og psykiske miljøet for at det skal vere ein god heim.

  4. Kva er eit godt butilbod for personar med utviklingshemming eller nedsett funksjonsevne?

  5. Korleis kan du anerkjenne brukaren og at det er heimen til brukaren, og samtidig gjennomføre arbeidsoppgåvene dine i samsvar med retningslinjer for hygiene, ergonomi og HMS?

  6. Forklar og gi døme på korleis du kan jobbe for å skape ein trygg heim og vareta behova, ressursane og interessene til brukaren.

  7. Korleis kan du legge til rette for at brukaren skal kunne leve det livet han eller ho ønsker?

  8. Kva for nokre etiske dilemma kan oppstå når du skal jobbe i heimen til andre?

  9. Finn ut kvar du kan jobbe i kommunen din viss du ønsker å jobbe i heimen til andre.

Å trenge hjelp

  1. Tenk deg at du er avhengig av hjelp frå andre for å vareta eigenomsorg.

    1. Korleis vil du at denne hjelpa skal bli gitt?

    2. Korleis vil du at dei som hjelper deg, skal kommunisere med deg?

    3. Korleis kan dei som hjelper deg, vise omsorg for deg?

  2. Kva inneber det å arbeide for brukarens beste?

  3. Forklar forskjellen på å gjere noko for brukaren og å gjere noko med brukaren. Korleis kan du arbeide for å gjere mest mogleg med brukaren?

Sjølvbestemming

  1. Kva er sjølvbestemming?

  2. Kvifor må du som fagarbeidar vite kva sjølvbestemming inneber?

  3. Kva inneber det for deg som fagarbeidar at brukaren har sjølvbestemming?

  4. Korleis kan du hjelpe og støtte ein person til å utvikle eiga sjølvbestemming?

  5. Korleis kan du hjelpe ein brukar til å uttrykke eigne ønske og behov?

  6. Korleis kan du hjelpe ein brukar til å seie frå når han eller ho er ueinig med deg?

  7. Kan sjølvbestemming komme i konflikt med arbeidsoppgåvene dine? Forklar og gi døme på når dette kan skje, og forslå alternativ til løysingar i slike situasjonar.

Relatert innhald

Sjølvbestemming bidreg til motivasjon og kan auke livskvaliteten til eit menneske. Sjølvbestemming handlar om å sjølv få ting til å skje i sitt eige liv.

Velferdsteknologi kan bidra til auka brukarmedverknad, meistring og sikkerheit for menneske med nedsett funksjonsevne.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Heimebaserte tenester