Hopp til innhald

Fagstoff

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa personar med orienterings- og rørslehemming. Han er fysisk tilrettelagt slik at bebuarar etter behov skal kunne få heildøgns pleie og omsorg.
Kvitt rekkehus med grøn plen utanfor. Eldre menneske, nokon i rullestol, er ute i sola, og det er fleire pleiarar i kvite uniformar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omsorgsbustader er ulike buformer som er tilrettelagde og utforma slik at brukarar kan bli buande, sjølv med omfattande pleie- og omsorgsbehov. Omsorgsbustadene er utarbeidde med tanke på arbeidsforholda for dei pleie- og omsorgstilsette.

Omsorgsbustader er eit tilbod som blir gitt til eldre som ønsker ein meir sjølvstendig bustad enn alders- eller sjukeheim. Det er òg eit tilbod for yngre menneske som har behov for omfattande pleie- og omsorgstenester.

Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim, og han er ikkje fast bemanna. Bebuarane får tildelt heimetenester etter behov på individuell basis, på same måte som andre heimebuande.

Ulike typar omsorgsbustader

Sjølvstendig bustad

Ein sjølvstendige omsorgsbustad er utforma slik at alle bustadfunksjonar er oppfylte inne i bustaden. Han består av kjøkken/stove, soverom, bad og areal til oppbevaring.

Sjølvstendige omsorgsbustader ligg som regel i nærleiken av sjukeheim eller omsorgsbase og nærmiljøfunksjonar som butikk, post/bank, kulturinstitusjonar, dag- og aktivitetssenter.

Målet med omsorgsbustader er at den enkelte skal få bu heime og få moglegheit til å delta i samfunnet, og dermed ha eit mest mogleg normalt daglegliv.

Bufellesskap

Ein bufellesskap er ei gruppe bustader der den private bueininga inneheld reduserte bustadfunksjonar. Den private bueininga blir karakterisert som den private arenaen til bebuaren og har som minimum soverom/opphaldsrom og bad. Bueininga kan òg ha ein kjøkkenkrok. I tillegg er det tilgang til eit kompletterande fellesareal, til dømes stove, uteområde, vaskerom, som stimulerer til samvær og felles funksjonar. Bebuarane kan dermed velje om dei vil delta i fellesskapen eller ikkje.

Personar med nedsett funksjonsevne (fysisk eller psykisk) som i ei viss grad kan ta ansvar for seg sjølv, men som har behov for meir tilrettelagde løysingar, kan bu i ein bufellesskap.

Bukollektiv

Eit bukollektiv er ei gruppe private bueiningar med soverom/opphaldsrom og bad. Fellesarealet er organisert med tanke på stor grad av fellesskap til felles opphald og aktivitetar, og dessutan kjøkken med eteplass til felles matlaging og måltid. Bukollektiv er baserte på betydeleg personalinnsats, med fast tilknytta personale, i daglege gjeremål og aktivitetar. Bukollektiv blir tilrådd til personar som treng mykje omsorg og tilsyn.

Å arbeide i omsorgsbustad

Eit viktig skilje mellom omsorgsbustad og institusjon er at bebuaren har råderett over bustaden. Det vil seie at bebuaren er "herre i eige hus". Det vil seie at du som fagperson ikkje automatisk har tilgang til bustaden. Tilgangen personalet har til bustaden, skal vere avtalt på førehand.

Arbeidet i omsorgsbustad skal i størst mogleg grad skje på premissane til brukaren og vere tilpassa det individuelle behovet til kvar enkelt. Det kan vere nødvendig helse- og omsorgshjelp, praktisk hjelp eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

Arbeidet kan bestå av

  • å gi hjelp til personleg hygiene, mat og medisinar

  • å gjennomføre tilsyn, rettleiing og opplæring

  • å hjelpe til med gjeremål i dagleglivet som reingjering, klesvask og liknande

  • å gi støtte og bistand rundt det å bu sjølvstendig, trening i gjeremåla i dagleglivet, sosialtrening/nettverksbygging og liknande

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein omsorgsbustad?

  2. Kven bur i ein omsorgsbustad?

  3. Kva er forskjellen på bufellesskap og bukollektiv?

  4. Kva arbeidsoppgåver er det for fagarbeidaren i ein omsorgsbustad?

Kjelder

Sosial- og helsedepartementet & Kommunal- og arbeidsdepartementet. (1997). Omsorgsbustad – en veileder (I-27/97, H - 24/97 B) [Rundskriv]. https://lovdata.no/static/rdep/i-1997-0029.PDF

Veiviseren. (2022, 10. januar). Omsorgsboliger. https://www.veiviseren.no/stotte-i-arbeidsprosess/fremskaffe-og-forvalte-boliger/veileder-for-lokalisering-og-utforming-av-omsorgsbygg/3-ulike-bo-og-aktivitetstilbud/omsorgsboliger

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Heimebaserte tenester