Hopp til innhald

Fagstoff

"La mæ få klar det sjøl!"

Vegen til god helse går ofte gjennom medvitne haldningar og handlingar. I arbeid med barn er det å la barna få "klar det sjøl" eit viktig pedagogisk prinsipp både for å fremje meistringskjensla til barn og for å ta vare på helsa til dei vaksne.

Klare seg sjølv

Å la barn få gjere sjølv og oppleve meistring i ulike kvardagssituasjonar kan bidra til auka sjølvtillit og positivt sjølvbilete hos barnet. Når dei vaksne legg til rette for at barna får lov til å prøve å gjere noko sjølve, ved å rettleie og støtte undervegs, kan det bidra til meistringskjensle og glede hos barnet.

I filmen under ser du døme på kva barnet kan klare sjølv, med vaksne som gode rettleiarar.

Tekstsamandrag av filmen

Animasjonsfilmen startar med eit lite barn som søv. Det vaknar og blir mata, pussa tenner på og kledd på. Barnet blir køyrt til barnehagen, og der viser vaksne korleis det skal leike. Barnet får gradvis eit surare og surare ansiktsuttrykk og utbryt til slutt "La mæ få klar det sjøl". Når barnet byrjar å fortelje og gi råd, kjem det opp ein plakat med teksten: Ergonomi og pedagogikk.

Barnet presenterer deretter ei hugseliste med tre spørsmål. 1. Kva kan barnet klare sjølv? 2. I kva situasjonar legg du til rette for sjølvstendet og meistringa til barnet? 3. I kva situasjonar hjelper du barnet unødvendig?

Ein tekstplakat med det første spørsmålet kjem så opp. Kva kan barnet klare sjølv? Dømet i filmen er ein travelt oppteken barnehagetilsett som hiv barn rundt seg for å rekke å kle på alle barna hen har ansvar for.

Ein tekstplakat med det andre spørsmålet kjem opp. I kva situasjonar legg du til rette for sjølvstendet og meistringa til barnet? Dømet i filmen er eit barn som prøver å helle mjølk frå ein kartong i ein kopp. Kartongen og koppen veltar, og det flyt mjølk utover. Ein vaksen kjem til for å tørke opp. Rådet om tilrettelegging blir illustrert ved at ein vaksen heller mjølk frå kartongen over i ei lita mugge. Barnet får mugga og får helle mjølka ned i koppen sin. Det går bra. Barnet gir deretter mugga vidare til eit anna barn som gjer det same.

Ein tekstplakat med det andre spørsmålet kjem opp. I kva situasjonar hjelper du barnet unødvendig? Dømet i filmen viser ei klokke som ringer til lunsj. Den barnehagetilsette dekker på bordet, smør på brødskiva og matar barnet. Rådet om tilrettelegging blir illustrert ved at barna sjølve ordnar til lunsjen, med hjelp av den vaksne.

Siste del av filmen viser døme på hjelpemiddel som barna kan ha nytte av, og verneutstyr som den vaksne bør nytte.

Døma på hjelpemiddel for barna er ein skoknekt for å ta av seg sko, eit skohorn for å få på seg sko, ein tripp-trapp-stol utan bøyel og krakkar, trinn og trapper som kan flyttast på.

Døma på verneutstyr for den vaksne er trapp til stellebord, hev-og-senk-stellebord, påkledningsbenk og krakkar med hjul.

Filmen blir avslutta med å forklare korleis barna kan lære meir innanfor mange område, viss dei får gjere ting sjølv. Fire ulike tekstplakatar med døme blir viste: 1. Talforståing, illustrert med at tallerken og koppar kan teljast. 2. Nemning og språkutvikling, illustrert med barn som seier orda "glidelås" og "bæsj". 3. Sosial kompetanse og turtaking, illustrert med to barn som begge vil ha den same koppen. 4. Rørsleglede, illustrert med eit barn som jublar over å få gå ei lita trapp opp på stellebordet.

Omsorga som ligg i å legge til rette blir illustrert av ein barnehagetilsett som gir barnet ein god klem når det har komme seg opp trappa til stellebordet.

Filmen blir avslutta med ein tekstplakat der det står Trondheim kommune, Arbeidsmiljøenheten, og ein plakat der det står Produsert av Klipp og lim 2015.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det å meistre for barnet?
  2. Korleis kan du rettleie barn i påkledning, under måltidet og i andre praktiske situasjonar slik at barnet klarer sjølv?
  3. Kva hjelpemiddel og utstyr finst for at barna kan klare meir sjølve, og for å unngå belastingsskadar for dei vaksne i arbeidet med barn?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2024

Læringsressursar

Ergonomi i oppvekstsektoren