Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ergonomi i arbeid med barn og unge

Å tenkje på ergonomi i arbeidskvardagen handlar om at du må vite korleis du kan bruke og ta vare på kroppen din i arbeidet med barn og unge. I denne oppgåva skal du vise korleis du kan ta vare på eiga helse ved å bruke eigen kropp i arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar.
To vaksne og to barn leiker ute i graset. Ein gut sit på ryggen til ei kvinne som står på alle fire, og ein mann held beina til ein annan gut mens guten går på henda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Lag ein film eller eit rollespel der de får fram kva som er viktig å tenkje på med omsyn til ergonomi i arbeid med barn og unge.

Punkt som bør vere med i filmen/rollespelet:

  • Kva meiner vi med omgrepet ergonomi?
  • Korleis ta vare på eigen kropp og helse i det daglege arbeidet og elles i kvardagen?
  • Korleis kan du best arbeide med ulike løft?
  • Korleis kan du best arbeide i sitjande stilling?
  • Korleis kan du best arbeide i ståande stilling?
  • Korleis gjeld ergonomi deg i dag og i framtida?
  • Kvifor må barna involverast i det ergonomiske arbeidet?
  • Korleis kan du vere ein god rollemodell og rettleier for barn og unge med tanke på ergonomi?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2020

Læringsressursar

Ergonomi i oppvekstsektoren