Hopp til innhald

Fagstoff

Ergonomi og pedagogikk

Ergonomi og pedagogikk handlar om å leggje til rette for at barna skal klare meir sjølv. Dermed blir det færre løft og uheldige arbeidssituasjonar for dei vaksne.
Eit barn ligg på golvet og strekkjer beina i taket. Har utedress på beina. Vottar ligg ved sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å leggje til rette for at barna får gjere sjølv

I løpet av ein arbeidskvardag saman med barn kan det bli mange løft og uheldig bruk av kroppen som på sikt kan føre til belastingsskadar hos dei vaksne. Det er derfor viktig at det i kvardagen blir lagt til rette for ergonomiske tilpassingar.

Eit viktig tiltak er å leggje til rette for at barn får prøve å gjere ting sjølve i kvardagen. Det at barna får øve og gjere sjølv i daglege gjeremål, til dømes ta av og på klede og sko eller vere med og dekke bordet, bidreg til at barna blir aktive deltakarar og meir sjølvhjulpne. Når barn opplever at dei klarer å gjere noko sjølve, vil dei få ei meistringskjensle som kan bidra til å styrkje sjølvtilliten og sjølvkjensla deira.

For at barna skal klare å gjere sjølv, må dei vaksne leggje til rette, vere til stades og rettleie barna undervegs. Når vi i tillegg legg til rette for eit tilpassa ergonomisk miljø, der mellom anna stolar, bord og hyller kan hevast og senkast, kan vi unngå mange løft. Dette kan føre til mindre muskel- og skjelettplager hos dei tilsette.

I filmen nedanfor får du sjå korleis Nidarvoll barnehage i Trondheim har jobba med prosjektet ergonomi og pedagogikk.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor tenkjer du at det er viktig å leggje til rette for at barn får prøve å klare sjølv?
  2. Kva vil det seie at dei vaksne går frå å vere hjelparar til rettleiarar?
  3. Kva er verneutstyr i ein barnehage?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2023

Læringsressursar

Ergonomi i oppvekstsektoren