Hopp til innhald
Fagartikkel

Aktivitetsplikt

Alle som arbeider i skule og barnehage, uansett kva rolle dei har eller kor stor stilling dei har, har plikt til å følge med på kva som skjer i miljøet, og til å gripe inn viss dei ser krenkingar som til dømes mobbing, utestenging, vald, diskriminering og trakassering.

Lovverket

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt miljø. Miljøet skal fremme heilskapleg god helse, inkludering, trivsel og læring.

Hausten 2024 kom ei ny opplæringslov. Paragraf 12 i denne lova skal sikre alle elevane rett til eit trygt og godt skulemiljø. Lova gjeld for skule, skulefritidsordning og leksehjelpeordningar. Ho gjeld òg når aktivitetar skjer utanfor skuleområdet og på dei digitale plattformene til skulen. Skulen har ei aktivitetsplikt uavhengig av årsaka til at ein elev ikkje har det trygt og godt, og dette inkluderer òg skulevegen.

1. januar 2021 tredde kapittel VIII psykososialt barnehagemiljø i barnehagelova i kraft. Lova skal sikre at alle barn får ein god og trygg barnehagekvardag.

Skule og barnehage skal ikkje godta krenkande åtferd som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det skal arbeidast kontinuerleg for at alle barn skal ha det trygt og godt. Det førebyggande arbeidet omfattar både det fysiske og det psykososiale miljøet og må vere systematisk.

Aktivitetsplikt

Med lovene følger det òg ei aktivitetsplikt. Formålet med aktivitetsplikta er å sikre at alle som arbeider i barnehage, skule, skulefritidsordning eller leksehjelpeordning, handlar raskt og rett når barn og unge ikkje har det trygt og godt.

Aktivitetsplikta gjeld når eit barn ikkje opplever at dei har eit trygt og godt miljø. Når vi bruker ordlyden "trygt og godt miljø", siktar vi til det psykososiale miljøet til barna. Barn og unge har rett til eit psykososialt miljø som fremmer ei god heilskapleg helse. Det som er avgjerande, er derfor den faktiske opplevinga til barnet av korleis han eller ho har det i barnehagen, skulen eller SFO.

Det betyr òg at dersom mistrivselen til barnet kjem av forhold utanfor barnehagen eller skulen/SFO, gjeld aktivitetsplikta så lenge opplevinga til barnet av miljøet blir påverka negativt. Digitale krenkingar mellom barn som kjenner kvarandre, og som skjer etter skuletid, er eit døme på dette.

Kva går aktivitetsplikta ut på?

Aktivitetsplikt er delt i fem delplikter. Dei ulike delpliktene fortel oss kva vi som arbeider på institusjonane, har plikt til å følge med på, gripe inn i og varsle om viss vi får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø.

Aktivitetsplikta er òg ein måte å få barn og unge til å medverke i livet sitt på. Dei skal bli høyrde, og barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i arbeidet.

Plikt til å følge med

Vi har plikt til å følge med på korleis barn og unge har det i miljøet sitt. Plikta til å følge med gjeld heile tida. Vi må vere merksame og følge aktivt med på korleis barn og unge har det både kvar for seg og seg i mellom. Viss vi oppdagar at eit barn ikkje har det trygt og godt, utløyser det andre delplikter, som til dømes å undersøke saka.

Vi må sjå plikta til å følge med i samanheng med plikta til å drive eit systematisk arbeid og sikre at alle dei tilsette jobbar med å førebygge og avdekke om barn ikkje har det trygt og godt. Alle som arbeider med barn og unge, må aktivt oppsøke barna der dei er, og ha låg terskel for å bry seg med kva dei driv med. Spesielt er dette viktig saman med barn med særskilde sårbarheiter knytte til til dømes religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, sosioemosjonelle utfordringar eller forhold i familie og heimesituasjon.

Plikt til å gripe inn

Alle som arbeider med barn og unge, skal gripe inn mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering når det er mogleg. Det kan vere at du må stanse ein slåstkamp, stanse utestenging eller stanse og irettesetje barn som krenker andre verbalt. Det handlar om å stoppe negativ åtferd som du er vitne til, og som framleis går føre seg.

Snakk med barna og prøv å roe situasjonen. Du kan gripe inn fysisk for å hindre at barn og unge krenker andre fysisk. Fysiske inngrep skal berre brukast som siste utveg og må vere eigna til å hindre den aktuelle situasjonen.

Her er det viktig å påpeike at du som tilsett berre har plikt til å gripe inn når det faktisk er mogleg å gjennomføre. Det må vurderast ut frå omsynet til deg sjølv og til barna. Du skal til dømes ikkje stå i fare for å skade deg sjølv eller krenke nokon for å stanse situasjonen.

Plikt til å melde frå

Alle som jobbar i barnehagar og skular, skal varsle leiinga dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt. Leiinga skal i alvorlege tilfelle informere eigaren.

Då vil leiaren få eit godt utgangspunkt for å følge opp sakene, samtidig som plikta bidreg til å skaffe viktig informasjon til det systematiske arbeidet med å sikre eit trygt og godt miljø.

Plikt til å undersøke

Når det er mistanke om eller kjennskap til om at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø, skal institusjonen snarast undersøke saka. Når eit barn eller ein ungdom sjølv formidlar at han eller ho blir utsett for krenkingar, eller at miljøet ikkje er trygt og godt, utløyser det alltid ei plikt til å undersøke saka nærare. Barn har rett til å bli høyrde, og vi skal ha fokus på barnets beste. Det er opplevinga til barnet som er viktig.

Undersøkinga skal å få fram mest moglege fakta om situasjonen, bakgrunnen for opplevinga til barnet og kva forhold i omgivnadene til barnet som påverkar korleis han eller ho opplever miljøet.

Formålet med undersøkinga er å få eit tilstrekkeleg grunnlag til å setje inn eigna tiltak.

Plikt til å setje inn tiltak

Når eit barn formidlar at miljøet ikkje blir opplevd som trygt og godt, skal institusjonen finne eigna tiltak. Då må institusjonane ved leiinga lage ein skriftleg plan som inneheld følgande:

  • kva problem tiltaka skal løyse

  • kva tiltak barnehagen/skulen har planlagt

  • når tiltaka skal gjennomførast

  • kven som skal gjennomføre tiltaka

  • når tiltaka skal evaluerast

Kven gjeld aktivitetsplikta for?

I lovene blir uttrykket "alle som arbeider …" brukt for å fortelje kven aktivitetsplikta gjeld for. Aktivitetsplikta gjeld derfor alle som arbeider i eller yter tenester (til dømes helsesjukepleiar eller pedagogisk-psykologisk teneste) for barnehage, skule og/eller SFO, uavhengig av stillingstype. Personen treng ikkje å få lønn for arbeidet for å vere omfatta av aktivitetsplikta. Òg frivillige, lærlingar og praksisstudentar har aktivitetsplikt.

Dette skal sikre at alle rundt barnet følger med, grip inn og varslar. Deretter har barnehagen eller skulen ansvar for å undersøke og setje inn tiltak.

Aktivitetsplikta gjeld ikkje for personar som tilfeldig er i barnehagen eller skulen. Det kan til dømes vere personar som køyrer skuleskyss, hentar avfall, leverer varer eller handverkarar.

Kort samandrag av kva lova seier:

  • Alle tilsette skal følge med på om barna har eit trygt og godt miljø.

  • Alle tilsette skal gripe inn dersom barn og unge blir utsette for krenkingar, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering.

  • Alle tilsette skal varsle leiinga dersom dei får kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø.

  • Leiarar skal varsle vidare til barnehageeigar eller skuleeigar.

  • Ved mistanke om at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø, skal saka snarast undersøkast.

  • Når barn eller foreldre seier at barnet ikkje har det trygt og godt miljø, skal saka undersøkast, og vi skal sørge for at barnet får eit trygt og godt miljø.

  • Føresette, barn og ungdommar skal bli høyrde.

  • Barnehagar og skular må lage ein skriftleg plan når dei skal setje i gang tiltak i ei sak.

  • Tiltaka skal følgast opp og evaluerast, og eventuelt bli justerte, og det skal bli sette inn nye tiltak viss det er nødvendig.

Utfordringar til deg

  1. Skriv ned med eigne ord korleis du forstår aktivitetsplikta.

  2. Kva betydning har aktivitetsplikta for tilsette i barnehagar og skular/SFO?

  3. Kva konsekvensar tenker du at aktivitetsplikta har for barn og unge?

  4. Kva trur du kan vere grunnen til at vi må innføre aktivitetsplikt for å få gjort noko med mobbing?

Kjelder

Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager. (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-64

Opplæringslova. (2024). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. (LOV-2023-06-09-30). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2023-06-09-30

Regjeringen. (2020). Barnehagene får ny mobbelov. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/barnehagene-far-ny-mobbelov/id2700422/

Utdanningsdirektoratet. (2024). Rundskriv om skolemiljø. https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/rundskriv-om-skolemiljo/

Relatert innhald