Innanfor/utanfor?
Diskuter i grupper
Kva kjenneteiknar eit klassemiljø der det ikkje går føre seg mobbing?
Kva kjenneteiknar eit klassemiljø der det lett oppstår mobbing?
Kven har ansvaret for å skape eit klassemiljø der ingen blir mobba eller fell utanfor? Grunngi svaret.
Sjå filmen og svar på spørsmåla
Kva er mobbing?
Diskuter korleis desse tre situasjonane kan føre til mobbing:
Eit "trongt" og klikkete klassemiljø skaper frykt og gjer at fleire kjenner seg unormale.
Nokon i klassen prøver å heve sin eigen status eller tilhøyrsel ved å støyte andre ut.
Nokon i klassen ekskluderer andre på ein skjult måte ved hjelp av blikk, kroppsspråk, ironi eller baktaling.
Kvifor kan det vere lett for eit mobbeoffer å feilaktig tru at det er noko gale med dei, og at dei sjølv har skyld i mobbinga?
Det er viktig for identiteten til mange ungdommar å tilhøyre ei gruppe. Diskuter korleis ulike grupper på skulen kan markere at dei er forskjellige frå kvarandre på ein positiv og på ein negativ måte.
Kvifor er det viktig å seie raskt frå til læraren eller andre på skulen viss du ser andre bli mobba eller opplever det sjølv?