Når mobbing skjer
Når vi vaksne grip inn når mobbing skjer, viser vi ei haldningsmarkering: Vi godtek ikkje mobbing! Dette gir klare signal til både mobbaren og dei barna som er i utkanten av situasjonen.
Når vi skal gripe inn, må vi ifølgje Olweus vere til stades og danne oss ei meining om kva som skjer, og så gripe inn tidleg i hendinga. Når vi grip inn, skal vi gå nær barna, møte dei med blikket og konstatere verbalt det vi ser. Vi skal vere korte, klare og vise til den spesifikke åtferda. Til dømes: "Trine, no høyrer eg at du snakkar stygt til Lise, og det vil eg at du skal slutte med no med det same."
Når vi snakkar direkte til barna på denne måten, skal vi vere faste og bestemte, og ikkje for emosjonelle. Vi bør snakke på ein måte som viser at vi ventar at barnet rettar seg etter det vi seier, og det er viktig å ikkje vere sint eller ukontrollert. Vi skal altså ikkje vere fiendtlege, men få fram ein kortfatta og nøytral bodskap. Den vaksne må vere sterk og tydeleg i situasjonen, og både den som mobbar, og den som blir mobba, vil kjenne på at dette kjem frå ein som bryr seg: Slik åtferd er ikkje akseptabel, og dette får barna lære.
Det er viktig å lære seg å skilje mellom mobbing og konflikt. Når barn blir mobba, er det éin sterk og éin svak part, medan når barn er i konflikt, er partane meir likeverdige. Det vil derfor vere feil å prøve å mekle når nokon blir mobba.
Det er viktig å gjere seg godt kjend med barnegruppa og diskutere og rapportere til kollegaer kva ein opplever. På denne måten vil ein lettare oppdage om det er negative hendingar som gjentek seg, og om enkeltbarn ofta er innblanda.
Mobbeforskarar synleggjer at det er viktig at vaksne grip tak i alle episodar av negative sosiale handlingar mellom barna. Dersom du overser slike situasjonar, gir det barna signal om at dette er greitt, og at du tek parti med den som mobbar. Om du følgjer regelen "Grip alltid inn, oversjå aldri!", vil du setje ein standard som er førebyggjande både for mobbing og for anna antisosial åtferd. Dette vil gi eit godt grunnlag for gode, trygge oppvekstmiljø for barn og unge.
Vi må vere nære og der barna er, for å klare å fange opp dei små signala som blir sende og utveksla mellom barna, både for å avdekkje om mobbing skjer, og for å førebyggje at noko negativt skjer.