Hopp til innhald
Fagartikkel

Verdien av venskap

Fleire undersøkingar stadfestar at barn som har vener, er mindre utsette for mobbing. Undersøkingane viser at barn som har fleire gjensidige venskapsforhold, i mindre grad blir mobba.

Førebygging

Dette fortel oss at vi har ei viktig oppgåve både i barnehagen, skulen og SFO med å støtte opp om og leggje til rette for at barn skal bli vener med andre, og vi må forsøkje å fange opp dei som fell utanfor fellesskapen.

Det er viktig at vi snakkar med barna om å hjelpe og å inkludere kvarandre, og om det å vere ein god ven. Vi har eit ansvar for at alle skal ha det godt, og for at alle skal kjenne at dei høyrer til gruppa. Dette må vere tema for samtalar, både i store og små grupper, og vi vaksne må vere tydelege på at vi ikkje aksepterer at nokon blir stengde ute.

Det å få delta i leik og samspel er svært viktig for den sosiale utviklinga og sjølvoppfatninga til eit individ. For å kunne utvikle deg sosialt må du få delta og vere akseptert som den du er.

Sosial fellesskap

Vi som jobbar med barn og unge, har ein viktig jobb i å støtte og rettleie barna i leik og samspel, slik at alle får gode høve til å delta på lik linje. Barn som fell utanfor den sosiale fellesskapen, eller som ikkje får delta i leik eller samspel, mistar det høvet dette gir til å utvikle seg sosialt, språkleg og motorisk. Ikkje minst mistar desse barna dei gode høva til å utvikle ei god sjølvoppfatning ved å få positiv respons på seg sjølve i leik og venskap.

Barn og unge treffer venene sine dagleg og er i kontakt med kvarandre ansikt til ansikt. Dei har innsikt i kjenslene til kvarandre, dei kan vere opne mot kvarandre med fortrulege opplysingar og hemmelegheiter. Skal venskapen vare, må dei kunne stole på kvarandre og ha tillit til kvarandre. Ein god venskap gir òg rom for å utvikle felles interesser.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det så viktig at alle barn har vener?

  2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe barn slik at dei får vener?

  3. Kva kan du seie og gjere for å vise at inkludering er viktig, samtidig som du varetek retten barna har til medbestemming og medverknad?

Kjelde

Lund, I. (red.), Godtfredsen, M., Helgeland, A., Nome, D. A., Kovac, B. V. & Cameron, D. L. (2015). Hele barnet, hele løpet: Mobbing i barnehagen. Foreldreutvalget for barnehager og Foreldreutvalget for grunnopplæringen. https://foreldreutvalgene.no/fub/wp-content/uploads/sites/2/2022/10/Hele-barnet-hele-lopet-Mobbing-i-barnehagen.pdf

Relatert innhald

Fagstoff
Ungdom og internett

Å vere saman med vener via internett har vorte ein viktig del kvardagen for mange ungdommar.