Hopp til innhald
Oppgåve

Kjønn og kjønnsidentitet

Lytt til ein podkastepisode der to personar fortel om kjønnsidentiteten sin, og jobb med oppgåver knytte til podkasten.

Forarbeid

I dag har det blitt vanlegare å snakke om fleire ulike kjønnskategoriar og fleire måtar å definere kjønnsidentiteten sin på. For somme er dette heilt normalt, mens andre vil synast at dette er ganske vanskeleg.

Diskuter i små grupper:

  • Kor stor del av identiteten din handlar om kjønn?
  • Kategoriserer du/de folk etter kjønn?
  • Kva legg de i omgrepet «kjønnsidentitet»?
  • Kva fordommar finst mot menneske som bryt kjønnsformene i miljøa dykkar?

Lytt til podkast

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Kjønn og kjønnsidentitet

I denne podkastepisoden møter du to personar som har ulike kjønnsidentitetar, og som har ulike erfaringar med det å stå fram som annleis. Anna Myge på 14 år seier ho er jente og har opplevd seg som de...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Etterarbeid

Sit gjerne saman i dei same gruppene de gjorde i forarbeidet.

  1. Anna har alltid tenkt på seg sjølv som jente, sjølv om foreldra gav henne namnet Adrian. Kva for reaksjonar møter Anna når ho fortel kven ho er?
  2. Kvifor er det viktig for Anna å ha støtte frå vener og familie rundt seg? Er det vanleg for ungdommar som definerer seg med ulike kjønnsidentitetar å møte støtte hos dei rundt seg?
  3. Anna fortel noko om korleis ho ønskjer å bli møtt. Korleis ville du reagert viss nokon vener fortalde at dei hadde ein annan kjønnsidentitet enn du trudde? Er det forskjell på kjensler og fornuft i ein sånn situasjon?
  4. Ask definerer seg sjølv som ikkje-binær. Kva meiner hen med det?
  5. Kvifor meiner Ask at kjønn ikkje skal stå i passet?
  6. Kva fordommar møter transpersonar og ikkje-binære i samfunnet?
  7. Ask og Anna og har nokre svar på korleis vi kan unngå fordommar. Kva meiner de? Kva kan vi gjere for å unngå fordommar når det gjeld kjønn og kjønnsidentitet? Kva kan samfunnet gjere for at det skal bli færre fordommar?