Oppgåve
Brosjyre om seksuell åtferd og utvikling
Når du jobbar med barn og unge, er det viktig at du har kunnskap om den seksuelle utviklinga til barn. Du skal òg vite korleis du skal samtale og rettleie barn og unge rundt spørsmål knytte til utvikling og seksualitet.
Lag ein brosjyre eller eit informasjonshefte om seksuell åtferd og utvikling hos barn og unge. Du vel sjølv kva aldersgruppe du vil fokusere på. Brosjyren skal innehalde
- kjenneteikn på normal og sunn seksuell åtferd og utvikling hos den aldersgruppa du har valt
- informasjon om korleis vaksne skal snakke med og rettleie barn/unge om kropp og seksualitet. Pass på at det er alderstilpassa.
- forslag til bøker, filmar, bilete og liknande som kan vere eit fint utgangspunkt for vaksne når dei skal snakke om kropp og seksualitet med barn og unge
- relevante bilete som illustrerer temaet seksuell utvikling
- kjeldetilvisingar
Brosjyren skal vere til hjelp og støtte i arbeidet med barn og unge. Del gjerne brosjyren/heftet med dei som jobbar med den aktuelle aldersgruppa.