Oppgåve
Bygge sjølvkjensle og sjølvtillit
God sjølvkjensle og sjølvtillit fører til at vi har det bra. Som barne- og ungdomsarbeidarar skal vi bidra til å bygge ei positiv sjølvkjensle og sjølvtillit hos barn og unge. Då bidreg vi til at dei bygger opp eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.
I denne filmen snakkar spesialpedagog Inger Olaug Nordstad om forskjellen på sjølvkjensle og sjølvtillit hos barn.
- Kva er sjølvkjensle?
- Kva er sjølvtillit?
- Kva kan sjølvkjensle og sjølvtillit ha å seie for identiteten din?
- Tenk tilbake til eigen barndom eller situasjonar i dag. Hugsar du ein situasjon der ein vaksen gav deg kjensla av å bli sett og forstått? Kva gjorde denne kjensla med deg?
- Forklar kvifor mobbing og maktmisbruk kan føre til dårleg sjølvkjensle.
- Kva er anerkjenning?
- Kva kan du gjere for å vise at du tek kjenslene til barn og unge på alvor? Gi konkrete døme og grunngi svaret ditt.
- Kva er ros, og kva bidreg ros til?
- Kva seier og gjer du når du skal gi ros til barn og unge?
- Når er det naturleg for deg å gi ros?
Reflekter over desse spørsmåla:
- Kvifor bør vi presisere kva vi rosar, og ikkje berre si: "Bra!" eller "Flott"?
- Kva er skilnaden på anerkjenning og ros med tanke på sjølvkjensle og sjølvtillit?
- Kva er skilnaden på å anerkjenne det barnet gjer undervegs, og det å rose produktet av det barna har gjort, med tanke på sjølvkjensle og sjølvtillit?
- Lag eit tankekart med oversikt over kva anerkjenning, oppmuntring og ros bidreg til for sjølvkjensla og sjølvtilliten til barn og unge.
Reflekter over kva du kan gjere og seie
- for at barnet du møter, skal føle seg god nok som det er
- for å støtte barn og unge som slit med å uttrykke seg eller med å uttale enkelte lydar og ord riktig
- for å vise at du forstå bakgrunnen for kvifor barn eller unge føler eller oppfører seg slik dei gjer
- for å støtte ein ungdom som vil ha høge karakterar i alle fag, men som ikkje lykkast
- Korleis kan du bygge sjølvkjensla til barn og unge uavhengig av kva det får til eller presterer?
- Reflekter over kva betyding språk har for opplevinga til barn og unge av seg sjølve og identiteten sin.
I denne filmen snakkar helsesjukepleiar Anne Holter Bentzerød om forskjellen på sjølvkjensle og sjølvtillit hos ungdom.
- Kva er sjølvrespekt?
I filmen seier Anne H. Bentzerød at mange ungdommar seier dei har dårleg sjølvkjensle.
- Korleis kan du hjelpe ungdom til å bygge positiv sjølvkjensle?
- Korleis kan du hjelpe ungdom til å føle seg viktige og verdifulle?
- Korleis kan du hjelpe ungdom til å føle sjølvtillit i ulike situasjonar?
Relatert innhald