Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er tryggleik?

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du sørgje for at barn og unge opplever tryggleik i barnehage, skule/SFO, bustad og klubb. Men kva er eigentleg tryggleik, og korleis legg vi til rette for at barn blir trygge?
Eit barn ler og sym med tolv baderingar rundt kroppen, berre armane, hovudet og beina stikk ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Gi ei utdjupande forklaring på kva tryggleik er.

  2. Finn ut kva Abraham Maslow meinte med tryggleiksbehov.

  3. Når kjenner du på tryggleik, og når kjenner du deg utrygg?

  4. Lag ei liste over personar, situasjonar og anna som gjer deg trygg.

  5. Kva skjer fysisk og mentalt når ein kjenner seg trygg og når ein kjenner seg utrygg?

  6. Kan litt utryggleik vere sunt for menneske? Forklar.

  7. Kva vil det seie at tryggleik og utryggleik er subjektive opplevingar?

  8. Kva påverkar kjensla vår av tryggleik?

  9. Vaksne som jobbar med barn, må ha ei grunnleggjande haldning om at dei skal skape tryggleik for barn og unge. Kva ligg i det?

  10. Korleis kan du vise at du varetek tryggleiken til barn og unge?

  11. Korleis kan du fremje tryggleik, og kvifor er det viktig at du skaper tryggleik for barn og unge? Forklar og gi døme.

  12. I arbeidet ditt vil du møte barn og unge som er traumatiserte. Kva må du vere ekstra oppteke av når det gjeld tryggleik i slike tilfelle?

  13. Forklar korleis vi skal jobbe for at barn og unge blir

    1. trygge på seg sjølve

    2. trygge på andre

    3. trygge på å høyre til

    4. trygge i omgivnadene

  14. Kva tenkjer du når du høyrer dette?

    • "Barn kan ikkje byggje tryggleik åleine."

    • "Straff aukar kjensla av utryggleik."

  15. Tenk tilbake på ein gong du kjende deg utrygg. Kva gjorde dei vaksne for at du skulle kjenne deg trygg? Fungerte det bra eller dårleg for deg?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2021

Læringsressursar

Tryggleikssirkelen