Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forstå barnet innanfrå

Tryggleikssirkelen er som eit vegkart for å forstå barn og unge. Vi ser åtferda, men for å hjelpe på ein god måte er det viktig at vi forstår kva som skjer inni barnet.
Gut med vinterklede får hjelp av ei vaksen kvinne til å tvinne pinnebrød på ein pinne. Dei smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samtale og refleksjon

Reflekter med ein eller fleire medelevar.

  1. Kva er tilknyting?

  2. Kvifor er trygg tilknyting viktig?

  3. Korleis kan de skape ein trygg tilknytingsrelasjon?

  4. Kva kan barn lære i ein trygg tilknytingsrelasjon?

  5. Kva betyr det å forstå barnet innanfrå? Korleis kan de få til det?

  6. Kva betyr det å tone seg inn på barnet og vere på same bølgjelengde?

  7. Barn skal og kan ikkje få lov til å gjere alt det dei sjølv vil. Korleis kan de vere faste og samtidig gode når barnet til dømes ikkje vil ha på seg klede når de skal ut? Kva kan de seie for å vise at de forstår behova til barna? Korleis viser de godheit med kroppen, til dømes når de må setje grenser?

  8. Kva vil det seie å vere ein større, sterkare, klokare og god vaksen?

Teikneoppgåve

Teikn tryggleikssirkelen med forklaring.

Lag film

Lag eit rollespel, dokketeater eller liknande som forklarer og viser kva vaksne må gjere for å møte behova til barn for vern og omsorg (tilknyting) og behova for å undersøkje og meistre (utforsking). Film rollespelet og vis det for klassen. De kan alternativt lage ein animasjonsfilm.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Tryggleikssirkelen