Hopp til innhald
Fagartikkel

Tryggleikssirkelen – sirkelen

Tryggleikssirkelen vart laga for å gi ei oppsummering av dei behova barn har for at dei skal bli trygge. Han gir oss ei visuell og god oversikt over kva barnet treng at vi vaksne gjer både når det utforskar, og når det har behov for nærleik og trøyst. Sirkelen viser at desse behova heng saman.

Tryggleikssirkelen

Tryggleikssirkelen hjelper oss til å forstå kva som ligg bak åtferda til barn og unge. Vi må skjønne kva barna har behov for at vaksne gjer, både når dei utforskar verda, og når dei treng tilknyting i form av nærleik, vern, trøyst og merksemd. Sirkelen viser oss at behova for tilknyting og utforsking heng saman.

Hendene viser at den vaksne må vere til stades for å hjelpe og støtte barnet både når det utforskar verda og når det har behov for nærleik, vern og trøyst. Dei viser oss at barnet treng ein trygg, nær, stabil og omsorgsfull vaksen.

Den øvste handa viser oss at når barnet sjølvstendig utforskar verda, har det behov for at vi er til stades, støttar, passar på og gleder oss saman med barnet. Den nedste handa viser oss at barn har behov for at vi er der for å hjelpe, gi trøyst, nærleik og stadfesting. Vi skal hjelpe barna med å organisere og handtere kjenslene når dei har opplevd noko som er vanskeleg.

Øvste del av sirkelen

Å utforske verda for å forstå ulike sider ved livet er eit sterkt og grunnleggjande behov for alle menneske. Det å utforske er òg kjelda til å utvikle sjølvstende. Når vaksne støttar og hjelper initiativet til barn og unge til utforsking, kan det føre til læring her og no, men òg til sjølvstende og oppleving av å vere ein aktør i verda med kraft til å påverke og skape forandring.

Når barn og unge utforskar verda, har dei behov for at vaksne passar på dei, gleder seg over dei, hjelper dei og har det fint saman med dei.

Passar på meg

Når barn og unge utforskar verda i leik og aktivitetar, treng dei først og fremst at vaksne passar på dei og sikrar den fysiske sikkerheita. Dei vaksne må følgje med på kva dei gjer, så dei ikkje skader seg. Det bidreg til ein indre tryggleik hos barn og unge at dei veit at dei vaksne er til stades og passar på.

Gleder deg over meg

Det er viktig å ha nokon å dele positive kjensler med. Det gjer godt når andre er glade på våre vegner. Barna treng òg å bli sett og få kommentarar på det dei gjer. Vaksne som smiler og viser at dei er stolte og gleder seg over det dei gjer, gir barna tru på seg sjølve. Det gir dei kraft til å halde fram med å utforske.

Hjelper meg

Når barn og unge opplever at dei ikkje meistrar det dei vil, kan dei bli frustrerte. Då treng dei vaksne som forstår kvifor dei blir frustrerte. Vaksne kan vise at dei anerkjenner og respekterer den kjensla ved å seie: "Eg forstår godt at du er frustrert no, du har jo jobba så lenge med å byggje dette legohuset med tak, og den siste delen er vanskeleg. Det kan vere slitsamt å få på plass den siste biten." Det kan bidra til at dei held ut frustrasjonen og ikkje gir opp.

Når barn strever, treng dei vaksne som kan hjelpe dei litt på veg, men ikkje gjere det for dei. Elles vil ikkje barna oppleve meistringskjensle. Viss dei får litt hjelp på vegen, kan dei klare å løyse problemet sjølv, og då kjem den gode meistringskjensla som gir barnet sjølvtillit.

Har det fint saman med meg

Å oppleve glede er viktig for utviklinga til barn og unge. Glede bind oss saman. Når barnet opplever glede saman med deg, vil kjensla av glede bli sterkare. Det gjer at det er godt å vere saman. Glede er ein del av grunnmuren i tryggleik. Glede stimulerer òg utviklinga av hjernen ved at det utløyser nyttige signalstoff i hjernen slik at han blir klar for læring.

Nedste del av sirkelen

Når barn og unge er slitne, trøytte, har kjensler som blir for sterke, eller berre treng stadfesting, merksemd og nærleik, har dei behov for ei trygg hamn. Ein stad der dei kan "lade" for å få energi og kraft til å utforske verda igjen. Då er det viktig at den vaksne gir den omsorga og merksemda barnet treng. Når behova blir tekne på alvor og dekte, kan barna kjenne ro inni seg og bli meir stabile og fornøgde.

Når barn er i den nedste delen av sirkelen, treng dei tilknyting i form av nærleik og omsorg. Her har dei behov for at dei vaksne vernar, trøystar, viser godheit for dei og hjelper dei med å organisere kjenslene sine.

Vernar meg

Når barn og unge er redde, triste eller usikre, treng dei at vaksne er der og vernar dei. Det er sentralt for tryggleikskjensla deira. I kvardagen kan det lett oppstå situasjonar der barn og unge kjenner seg utrygge og ikkje verna. Då treng dei ein vaksen som er medviten og open for behovet for tryggleik og "lading."

Du må vise at du er tilgjengeleg, og vere merksam på det som skjer, slik at du kan gripe inn når det oppstår noko som kan opplevast ubehageleg eller vanskeleg. På den måten vil barn og unge forstå at du verkeleg er innstilt på å verne dei når dei er usikre og redde.

Trøystar meg

Nokre gonger gir barn og unge tydelege signal på at dei treng trøyst. Andre gonger kan signala vere meir uklare, og du må kanskje gjette deg til det ut frå det du observerer.

Trøyst er å vise medkjensle. Du viser at du forstår og føler med nokon. Det er viktig at du greier å vise medkjensle og trøyste til barn og unge har kome gjennom kjensla og viser at dei klarer å handtere ho. Det kan vere lett for vaksne å fort ville oppmuntre: "Det går bra". Likevel er det viktig at første trinn består i å vise at vi forstår og har medkjensle med, deretter kan vi støtte dei i trua på at det kjem til å gå bra. Då anerkjenner du kjenslene deira først, og då verkar oppmuntringa betre.

Viser godheit for meg

Barn og unge treng å kjenne at vi har godheit for dei. Sjølv når barn utfordrar oss og dei vanskelege kjenslene dei har, gjer at dei blir vanskelege, urimelege og frekke, er det viktig at vi beheld godheita for dei. Å møte barn og unge som viser sinne og utagerande åtferd, med aggresjon eller irritasjon vil kanskje skape endå sterkare reaksjonar og vondare kjensler.

For å hjelpe barn og unge med vonde kjensler må vi altså behalde godheita for dei, òg når dei utfordrar kjenslene våre. Vi skal hjelpe dei med å finne ut kva det handlar om, og hjelpe dei med å forstå dei kjenslene dei har. Då må vi sjølv vere regulerte og ha godheit for den vi skal hjelpe.

Organiserer kjenslene mine

Barn og unge kan lett bli overvelda av eigne kjensler og ikkje forstå kva som skjer med dei. For at dei skal lære å forstå og handtere kjenslene sine, treng dei hjelp til å organisere dei. Det handlar først om å dele og anerkjenne kjenslene slik at barn og unge kan få ro inni seg og kome gjennom det dei kjenner. Deretter inneber det å hjelpe barna til å setje ord på det dei kjenner, slik at kjenslene blir tydelegare for dei, og dei kan lære å kjenne igjen eigne kjensler. På den måten får dei høve til å bli kjend med eigne kjensler og reaksjonar. På sikt bidreg dette til at dei utviklar evna til å regulere eller roe seg sjølv kjenslemessig (sjølvregulering).

Utfordringar til deg

  1. Kva treng eit barn at du gjer, for at det skal oppleve tryggleik når det sjølvstendig utforskar verda?

  2. Kva treng barnet at du gjer når det er sliten, lei seg eller er frustrert og sint, for at det skal oppleve tryggleik?

  3. Korleis kan du finne ut av kva barnet har behov for at du gjer, for bidra til at det opplever tryggleik?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Kommuneforlaget.

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2016). Se eleven innenfra. Relasjonsarbeid og mentalisering. Gyldendal Akademisk.

Drugli, M. B. (2014). Emosjonell utvikling og tilknytning. I V. Glaser, I Størksen & M. B. Drugli (Red.). Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 47–73). Fagbokforlaget.