Hopp til innhald
Fagartikkel

Tryggleikssirkelen – rolla til vaksne

Tryggleikssirkelen gir oss ei forståing for kva barn og unge har behov for av oss vaksne både når dei utforskar verda, og når dei treng å hente seg inn og få det godt inni seg. For å fremje tryggleiken til barn bør vaksne hugse å alltid vere større, sterkare, klokare og god.

Større

For at barn skal kjenne seg trygge, treng dei nokon rundt seg som er større enn dei. Det inneber at du som vaksen veit meir, du har meir erfaring og kunnskap om verda. Du kan dermed ta grep, organisere, planleggje, førebu og ha kontroll over situasjonen.

Sterkare

Barn og unge kjenner seg trygge når dei har nokon der som er fysisk sterkare enn dei og som kan verne dei. Det gir tryggleik at vaksne kan gi gode, store og varme klemmar, gripe inn og skilje barn som slåst eller hjelpe barnet ut frå ein umogleg situasjon. Å vere sterkare inneber òg at dei vaksne er sterkare kjenslemessig og toler kjenslene til barn, dermed kan dei hjelpe barn og unge til å handtere og utvikle kjenslene og kjenslereaksjonane sine.

Klokare

Barn og unge treng å merke at vaksne forstår og kan forklare det som skjer. Det bidreg til tryggleik. Å vere klokare handlar òg om at dei vaksne forstår kva som skjer kjenslemessig med barnet, òg når deira eigne kjensler er sterke.

I tillegg dreier klokskap seg om å balansere godheit med det å vere større og sterkare enn barn og unge. Det handlar om å ta leiinga, ha kontroll, lage tydelege rammer og grenser, men samtidig vere god, varm og venleg utan å vere skremmande eller krenkje barn og unge, sjølv om dei kanskje har provosert eller krenkt deg. Dette er ikkje like enkelt alltid, men ved at du er medviten dette som ideell veremåte, kan det vere lettare å takle vanskelege situasjonar.

God

Å vise godheit for barn og unge styrkjer sjølvkjensla deira. Det styrkjer òg sjølvkjensla til oss vaksne, for vi liker oss sjølve betre når vi klarer å ta leiinga utan å kjefte. Det viser seg òg at når vi tek vare på godheita for barn og unge i vanskelege situasjonar, aukar det sjansen for at dei mest urolege og utagerande barna vil høyre på oss og samarbeide.

Godheit handlar ikkje om smisk eller å vere sukkersøt. Det handlar om å halde fast ved omsorga. Du skal vere innstilt på å forstå og stille opp for barnet, slik at det kjenner seg vareteken òg når du må irettesetje. På den måten erfarer barna at vaksne er der saman med dei og hjelper dei slik at dei kan lære og utvikle seg i ei trygg verd.

Følg behova til barnet

Når det er mogleg: Følg behova til barnet. Det er ofte veldig lett for vaksne å styre og bestemme meir enn vi treng. Med ei innstilling om at barn og unge kan ta eigne avgjerder i mange ulike situasjonar, bidreg du til at dei opplever sjølvbestemming (autonomi), utviklar tru på seg sjølve og blir sjølvstendige. Dette krev at du tek eit steg til sida og opnar for at dei får lov til følgje eige initiativ og ta eigne avgjerder når det er mogleg.

Ta leiinga

I kvardagen er det mange situasjonar der det er naudsyn at vaksne tek tak og set grenser. Det kan vere når nokon forstyrrar andre barn i leik, eller når ungdommar blir ufine mot kvarandre. Når du grip inn, gjer du det for å halde oppe eller rette opp igjen ro og rutinar som er viktige for at alle skal ha det bra.

Vaksne kan ha ulike måtar å setje grenser på. For å behalde ei god tilknyting til barnet handlar det om å setje grenser samtidig som du greier å ta vare på godheita. Målet er at du kan gripe inn når noko står på spel, men at du gjer det på ein god og varm måte slik at de held oppe kontakten mellom dykk. Når vi vaksne set grenser utan godheit og varme, vil barn og unge oppleve oss som kalde og harde.

Å setje grenser handlar om å stoppe, og nokre gonger er det naudsynt. Men viss vi tenkjer at vi i staden skal omdirigere barn og unge, vil det hjelpe oss til å hugse at dei er i ein læringsprosess i alt dei gjer, òg når det gjeld det sosiale. Ordet "omdirigere" vil kanskje hjelpe oss til å halde oppe godheita i vanskelege situasjonar. Då kan du behalde godheita for barn og unge ved å seie "ja" til kjenslene barnet har, og "nei" til åtferda. Det er naudsynt med godheit og varme for å få fram bodskapen sjølv om det er eit tydeleg "Stopp!" eller ei omdirigering.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det at du ikkje skal nytte den fysiske styrken og storleiken din til å signalisere makt?

  2. Kva betyr det for tryggleiken til barn at du følgjer behova til barnet?

  3. Korleis kan du ta leiinga på ein god måte som tek vare på behova barn har for tryggleik?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Kommuneforlaget.

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2016). Se eleven innenfra. Relasjonsarbeid og mentalisering. Gyldendal Akademisk.

Drugli, M. B. (2014). Emosjonell utvikling og tilknytning. I V. Glaser, I Størksen & M. B. Drugli (Red.). Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 47–73). Fagbokforlaget.

CC BY-SA 4.0Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021