Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit interaktivt visittkort

Lag eit "interaktivt visittkort" for ein annan elev i klassen. Dette visittkortet skal fortelje noko om kven personen er, ved bruk av typografi, bilete og fargar.
Kvinne held opp eit blankt visittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kva er eit visittkort?

Visittkort er opphavleg små, trykte kort med dei viktigaste opplysningane til ein person, som namn, adresse og telefonnummer. I gamle dagar gav ein visittkortet sitt til andre for å dele kontaktinformasjon. I dag bruker til dømes handverkarar å leggje igjen visittkortet sitt når dei er ferdige med eit oppdrag, slik at du enkelt kan få tak i dei igjen eller tipse andre om firmaet deira. Eit interaktivt visittkort blir laga for skjerm og kan delast med andre for å gi opplysningar om deg.

1. Forarbeid

Start med å intervjue kvarandre. Spør om interesser, personlegdom og karaktertrekk. Tidsbruk: 10 minutt.

2. Produser eit interaktivt visittkort

Lag eit interaktivt visittkort som passar til det du har fått vite om intervjuobjektet ditt. Det ferdige produktet skal fortelje noko om kven personen er, ved bruk av typografi, bilete og fargar. Bruk eigna programvare til å lage layout, som til dømes Adobe InDesign eller tilsvarande.

Krav

  • Bruk liggjande format A5 (210 mm x 148 mm).

  • Bruk fargar, typografi og foto som seier noko om personen du har snakka med.

  • Teksten på kortet må innehalde det fulle namnet til personen, tittel, adresse, e-post og telefonnummer.

  • Tittel og namn: Bruk den same skriftfamilien, men varier skrifttype (snittar/font).

  • Adresse, e-post og telefonnummer: Bruk gjerne ein annan skrifttype enn den du brukte i tittelen og namnet.

  • Lag to hyperkoplingar, til dømes til Instagram-kontoen til eleven og ei nettside eleven liker.

  • Lag tre ulike interaktive effektar på typografien (teksten).

Kvarandrevurdering

Når de er ferdige med oppdraget, skal de vurdere produkta til kvarandre.

  • Passar skrifttypane de har valt, saman?
  • Er det formålstenleg forskjell mellom skrifttypane?
  • Er det passe variasjon i skriftstorleikar slik at informasjonen kjem fram?
  • Kva fortel fargar, skrift og eventuelle bilete? Er dei riktig plasserte? Fortel dei noko om kven de er? Grunngi.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Kari Roksvaag Rønning og Karine Bergseth.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2021

Læringsressursar

Typografi