Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emna i grafisk design

I emna i grafisk design har du lært meir om komposisjon, bruk av fargar og typografi. Har du fått med deg det viktigaste?
Arbeidsbord med stasjonær PC, berbar PC med digitalt teiknebrett kopla til, nettbrett og fargevifter. På skjermen på den stasjonære PC-en står det "Logo". Ein person arbeider ved bordet, berre armane er med på biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komposisjon

  • Eg kan bruke eigna programvare og grunnleggjande funksjonar i utforminga av design.
  • Eg kan setje saman ulike delar av eit medieuttrykk slik at vi opplever ein logisk samanheng.
  • Eg kjenner til og kan bruke komposisjonsprinsipp for å unngå støy i kommunikasjonen.
  • Eg kan framheve viktig informasjon, få likevekt på flatene og balansere bruken av kontrast.

  • Eg kan lage design i ulike sjangrar og format.

Fagomgrep komposisjon

Typografi

  • Eg kan forklare typografi, og eg kan setje bokstavar saman til ein visuell heilskap slik at det stemmer med bodskapen og kommunikasjonen.

  • Eg forstår at skrifta er eit verkemiddel som må passe til det som blir fortalt.

  • Eg har testa ut ulike skriftgrupper og skriftblandingar i produksjon av ulike medieuttrykk.

Fagomgrep typografi

Fargar

  • Eg kan tenkje gjennom og vurdere val av fargar for å formidle ein bodskap visuelt.

  • Eg kjenner til og kan bruke Ittens fargesirkel.

  • Eg veit om ulike typar kontrastar og kan bruke dette bevisst i utviklinga av eit medieuttrykk.

Fagomgrep fargar

Eigenkontrast

Ittens fargesirkel. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Typografi