Å beskrive skrift
I tillegg til dei mest brukte skriftgruppene, antikva og grotesk, som du vart kjend med på Vg1, finst kategoriane egyptienne, skriveskrifter og gotisk. I tillegg kjem «fantasiskrifter» eller diverse-skrifter, som er ei samlenemning på fontar det ikkje er så lett å plassere i bestemte kategoriar.
Du kjem langt dersom du veit kva som kjenneteiknar dei ulike skriftgruppene, men det kan vere greitt å vite at mange av desse har meir detaljerte underkategoriar.
For eksempel blir antikvaskriftene delte inn i gammalantikva, overgangsform og nyantikva. Groteske fontar kan omtalast som humanistiske eller geometriske.
Enkelte fontar har trekk frå fleire skriftgrupper og kan derfor vere vanskelege å plassere nøyaktig. Du kjem uansett langt ved å kunne forklare korleis skrifta ser ut, og kva for eigenskapar ho har.
Form
I tillegg til namnet på skriftgruppene kan du bruke omgrep som også beskriv former:
- høg eller låg, brei eller smal
- tynn eller feit
- kursiv (skråstilt) eller rett
- geometrisk eller organisk
Høgde, lengde og avstand
Du bør også kjenne til ein del andre ord og uttrykk som blir brukte berre om typografi:
- Versalhøgde: høgda på versalane, dei store bokstavane
- X-høgde: høgda på minusklane, dei små bokstavane – i forhold til versalhøgda
- Grunnlinje: linja bokstavane kviler på, som linjene i ei skrivebok
- Linjeavstand: avstanden mellom grunnlinjene, seier noko om kor mykje luft det er mellom linjene
- Underlengde: den delen av skrifta som stikk ned under grunnlinja
- Overlengde: den delen av skrifta som stikk opp over x-høgda