Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bryt reglar for typografiske avstandar

Kopier ei lita sak og eit bilete frå ei nettavis, og bryt reglar for typografiske avstandar.
Ein fuglfigur med briller les i ei ordbok. Illustrasjonsfoto.
  • Bruk minst to spalter og set opp tekst og bilete med god lesbarheit. Bruk grep du har lært så langt.
  • Gjer ordavstanden mindre enn trackinga (bokstavavstanden). Korleis vart det å lese teksten?
  • Gjer linjeavstanden mindre enn ordavstanden. Kva synest du om resultatet?
  • Prøv å bryte avstandshierarkiet på fleire måtar, og tenk over om det er nokre av avstandsreglane det ikkje er så nøye å følgje.
  • Du kan gjerne samarbeide og diskutere med ein medelev.
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Typografi