Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast om marknadsføringslova

Lytt til podkasten med advokat Morten Grandal i samtale med programleiar Sarah Natasha Melbye.
Ta notat mens du lyttar, og ha ein felles refleksjon og diskusjon i klassa etterpå.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Lover i marknadsføring

Nesten alle produkt og tenester er avhengige av marknadsføring for å nå ut til kundane. Men for at marknadsføringa ikkje skal kome heilt ut av kontroll, er det behov for lovgiving rundt dette. Det har...

0:00
-0:00

Advokat Morten Grandal

Advokat Morten Grandal jobbar i Barne- og familiedepartementets avdeling for forbrukarrett. Under innspelinga av podkasten jobba han for advokatfirmaet Grandal Haug AS.

Felles refleksjon og diskusjon i klassa

Set opp stikkord frå podkasten på tavla.

  • Kva går marknadsføringslova ut på i grove trekk?

  • Kva blir i podkasten beskrive som god forretningsskikk?

  • Kva døme på brot på god forretningsskikk blir nemnde?

  • Ein stor del av marknadsføringslova går ut på å verne interessene til forbrukarane. Kjenner de sjølve til nokon saker der forbrukarar har blitt urimeleg behandla?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring