Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lovverk og etisk ansvar i marknadsføring

Fordjup deg i eit tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring. Lag ei videoførelesing som du kan bruke for å kurse ei bestemd målgruppe.
To jenter samarbeider om skulearbeid på eit bibliotek. Den eine sit ved ein berbar datamaskin, og den andre blar i ei fagbok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Lag ei kort videoførelesing der du presenterer eit sjølvvalt tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring. Videoførelesinga skal vare i maksimalt fem minutt.

Krav til videoførelesinga

  1. Videoen skal lagast for éi av følgjande målgrupper – du vel sjølv kva for ei: barn i alderen 8–10 år, elevar i vidaregåande skule eller eldre over 65 år.
  2. Du skal forklare temaet med dine eigne ord, men på ein måte som er tilpassa målgruppa. Tenk gjennom korleis du snakkar, og korleis du presenterer stoffet, for å nå målgruppa.
  3. Det skal kome fram at du har undersøkt og tenkt gjennom ulike sider ved emnet ditt. Prøv å gi mottakarane dine ny innsikt og forståing.

Forslag til tema å velje mellom

  • marknadsføringslova
  • berekraftpåstandar i marknadsføring
  • reglar for marknadsføring i sosiale medium
  • varemerkelova
  • åndsverklova og opphavsrett
  • forbrukarkjøpslova og andre forbrukarrettar
  • personvern

Har du eit anna forslag til tema? Snakk med læraren din og høyr om temaet kan passe.

Slik lagar du videoen

Du kan lage ei videoførelesing på mange ulike måtar. Ein effektiv metode er å veksle mellom ulike visuelle element, til dømes PowerPoint-lysbilete og eit halvnært utsnitt av deg mens du snakkar. Du kan òg vise ein presentasjon i PowerPoint og snakke i bakgrunnen. Det finst mange gratis program som du kan bruke for å ta skjermopptak.

Gratisprogram for skjermopptak
  • Screencast-O-Matic

  • Microsoft PowerPoint

  • Explain Everything

  • Clips

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring