Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein reklame som utfordrar grenser

I dette oppdraget skal du jobbe med å lage eit reklameprodukt som utfordrar lovene og/eller normene som regulerer marknadsføringsbransjen.
Fotballspelar David Backham poserer i truse på stor reklameplakat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal gjennomføre ein reklameproduksjon frå idémyldring til ferdig produkt, samtidig som du reflekterer over kva reglar som gjeld for dei som jobbar med reklame, og korleis ein skaper merksemd hos ei konkret målgruppe.

Du vel sjølv kva produkt eller teneste du vil lage reklame for, kven som er målgruppa di, og kva kanal eller kanalar du vil bruke. For å finne ut kva lover og normer som gjeld, må du lese fagstoffet. Bruk marknadsføringsmodellen AIDAS når du lagar reklameproduktet ditt.

Krav til arbeidsoppdraget

  1. Set deg inn i kva lover og etiske normer som regulerer marknadsføringsbransjen, ved å lese fagartiklane om emnet. Gjer også eigne søk på nettet, og vurder om kjeldene du finn fram til, er truverdige.
  2. Idémylde deg fram til eit produkt eller ei teneste du vil lage reklame for.
  3. Bestem deg for målgruppe og kanal.
  4. Planlegg korleis du vil bruke AIDAS for å nå målgruppa di.
  5. Bestem deg for kva lover eller etiske reglar du vil utfordre i produksjonen din.
  6. Vel medium og format for reklamen din. Du kan for eksempel lage ein plakat, ein reklamefilm, ei annonse eller ein radiospot.
  7. Lag eit produkt med grunnleggjande teknisk og uttrykksmessig kvalitet.
  8. Skriv eit refleksjonsnotat og dokumenter det du har lært av å jobbe med arbeidsoppdraget.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring