Hopp til innhald
Fagartikkel

Belastningsskadar

Akutte idrettsskadar får som regel større merksemd enn belastningsskadane, for dei kjem ofte under kampar og konkurransar, der deltakarane står i sentrum for interessa. Men belastningsskadane er meir utbreidde og er årsak til at mange må halde seg borte frå trening og konkurransar i lang tid.

Kva er belastningsskadar?

Ein belastningsskade oppstår ikkje plutseleg, som følgje av ein ytre påverknad, men kjem i staden av for stor eller feilaktig belastning på ein kroppsdel over lengre tid. Mange idrettsutøvarar må vente i vekevis på at kroppen skal reparere seg sjølv, og i den tida er det avgrensa kva slags aktivitetar dei kan drive med. Desse skadane er så vanlege at vi har mange namn på dei:

  • Tennisolboge: smerter på utsida av olbogen
  • Golfolboge: smerter på innsida av olbogen
  • Hopparkne: smerter i (eller over/under) kneskåla
  • Løparkne: smerter på utsida av kneet
  • Seneskjedebetennelse: smerter i seneskjeder i armar, bein og fingrar
  • Akillesskade: skade i sena bak på leggen
  • Beinhinnebetennelse: smerter på framsida av leggen

Fellesnemnaren for mange belastningslidingar er at det oppstår ein irritasjons- eller betennelsestilstand i det skadde området, ofte i kombinasjon med avrivne muskel- eller senefibrar. Skadane er ofte å finne i overgangen mellom musklar og sener og i overgangen mellom knoklar og sener.

Skadeårsaker

Belastningsskadar oppstår ofte fordi utøvaren varmar opp for dårleg, aukar treningsintensiteten og treningsmengda for raskt eller har dårleg teknikk. Senefesta er mest utsette. Det kjem av at dei har dårlegare blodgjennomstrøyming enn musklane, og treng lengre tid på å restituere seg (komme seg igjen) etter hard bruk.

Leggen er den delen av kroppen som oftast får ein belastningsskade. Skaden er gjerne lokalisert framme på leggen (beinhinnebetennelse) og i akillessena, av og til også i andre sener i leggen. Trøyttleiksbrot er heller ikkje uvanleg hos utøvarar som trenar mykje.

Om vi passar på å varme opp grundig før kraftig aktivitet, er faren for skadar mykje mindre. Teknikken må drillast inn, slik at han automatisk blir riktig når vi speler eller konkurrerer.

Relatert innhald

Fagstoff
Skjelettet

Skjelettet er stativet som skal halde kroppen oppreist og samtidig verne vitale organ som hjerne, hjarte, lunger og ryggmerg.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Einar Berg og Senter for idrettsskadeforskning.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2023