Hopp til innhald

Fagstoff

Behandling av strekk- og støytskadar

Merk deg uttrykket PRICE og prøv å hugse kva bokstavane står for. Før eller sidan vil du få bruk for kunnskapen og bli glad for at du tok deg tid til å tileigne deg han.
Ispose og bandasje blir lagt på ei okle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

PRICE-prinsippet

Uttrykket PRICE kjem frå engelsk og er ein hugseregel for korleis ein skal utføre akuttbehandling av skadar som fører til blødingar.

  • P – vern (protection)
  • R – kvile (rest)
  • I – is (ice)
  • C – kompresjon (compression)
  • E – heving (elevation)
Bandasje, barberhøvel, saks, ispose og sportstape på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein muskel blir skadd, dannar det seg hematom (blodsamlingar) på skadestaden etter berre 30 sekund. Dersom ein akutt leddbandskade ikkje blir behandla, vil det oppstå eit kraftig hematom etter få minutt. Derfor er det viktig å starte behandlinga raskt, og å behandle riktig.

Vern

Det skadde området må vernast mot ytterlegare skade. Det er spesielt viktig dei første 48 timane. Grunnen er at i denne tida vil det framleis kunne blø inne i det skadde kroppsvevet.

Kvile

Skadestaden må haldast i ro for å hindre bløding. Det vil for eksempel seie at ein ikkje skal trø på foten dersom okla er skadd.

Nedkjøling

Nedkjøling dempar først og fremst smertene. Når vi set ned temperaturen på skadestaden, vil blødinga bli mindre. Vi kan bruke knust is, kjølepakningar eller kjølespray. Deretter bør vi halde skadestaden nedkjølt dei første 4–8 timane, eller så lenge det gjer vondt. Ein måte å gjere det på er å halde kroppsdelen under rennande, kaldt vatn i 20 minutt kvar tredje eller fjerde time.

Kompresjon med trykkbandasje

Kompresjon er for å redusere hevelsen i den skadde muskelen/området, jo mindre hevelse jo raskare restitusjon. Legg ein trykkbandasje rundt skadestaden. Bandasjen skal vere så stram som mogleg, men ikkje så stram at han hindrar blodsirkulasjonen forbi skadestaden. Kompresjonen bør haldast ved lag dei første 48–72 timane.

Hald kroppsdelen høgt

Den skadde kroppsdelen skal haldast høgt (over hjartehøgd). Blodtrykket vil då bli lågare på skadestaden, og blødinga blir mindre.

Sjå film om behandling av akutte skadar frå Senter for idrettsskadeforskning.

CC BY-NC-SASkrive av Senter for idrettsskadeforskning.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020

Læringsressursar

Idrettsskadar